Kalender! Kalender!

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Kalender! Kalender!

Gratulerer! Her er min julekalender som du kan kose deg med kvar einaste dag fram til sjølvaste julekvelden. Det fine med min julekalender er at du ikkje treng å kjøpe han eller henge han opp. Alt du må gjere er å stå opp kvar dag og følgje med litt, så vil du oppleve dette:

5. desember: Ei av våre største nettaviser presenterer artikkelen «Slik unngår du å ete for mykje i jula», med følgjande råd:

– Ikkje et for mykje.
– Viss du trur du har ete nok, ikkje et meir.
– Når du er stappmett, stopp.

6. desember:  Nokon begynner ei setning med «Eg er ikkje psykiater» og fullfører setninga på ein måte som tyder på at vedkommande likevel trur han er psykiater.

7. desember: Ei av våre største nettaviser presenterer artikkelen: «Dette kan du ønske deg til jul», der dei fortel kva som sel mest akkurat no, slik at du ikkje skal gløyme å ønske deg den boka om ved til jul sånn som alle andre.

8. desember: Nokon skriv ein kommentarartikkel om at det er mykje ukultur i fotballen, og krydrar kommentaren med artige løkkefotball-episodar frå oppveksten.

9. desember: Ei av våre største nettaviser presenterer artikkelen «Slik unngår du tilfeldig sex i julebordsesongen», med følgjande tips:

– Ikkje gå bort til folk du ikkje kjenner og spør: Skal vi ha sex?
– Ikkje svar ja dersom nokon du ikkje kjenner kjem bort til deg og spør: Skal vi ha sex?

10. desember:  Nokon syng om englar.

11. desember: Ei av våre største nettaviser presenterer artikkelen «Slik unngår du å bli for full på julebordet», med følgjande tips:

– Ikkje drikk så mykje alkohol at du blir for full på julebordet.
– Dersom du likevel kjem i skade for å drikke så mykje på julebordet at du for eksempel ligg naken og syngande på golvet med pinnekjøt på brystkassa, ikkje bestill meir å drikke.
– Dersom du kjenner at du har litt lyst på tilfeldig sex på julebordet, men ikkje klarer å uttale ordet «sex», ikkje bestill meir å drikke.

12. desember: Per Sandberg kritiserer nettavisartikkelen om julebordsfyll. Han oppfattar artikkelen som snobbete kritikk av festvanane til folk flest, og forlangar at avisa skriv ein ny artikkel.

13. desember: Politikarar frå andre parti kritiserer Sandberg og seier at han ikkje har noko med å blande seg opp i kva avisene skriv. Så legg dei til at dei er litt einige også.

14. desember: Siv Jensen ber om unnskyldning for Per Sandbergs utspel, og legg til at ho forstår godt at han sa det, og dessutan er alle einige i det han sa.

15. desember: Karl Ove Knausgård går kraftig ut mot denne boka om ved som toppar bestseljarlista i Norge. Knausgård innrømmer at suksessen til vedboka har vore ei enorm personlig belastning for han, og at dette er den eigentlige grunnen til at han gir seg som forfattar. «Det er klart det er irriterande,» mumlar Knausgård. «Her har eg brukt mange år på å skrive fleire tusen sider og utlevere alle eg kjenner. Eg har til og med klipt meg og øvd meg i fleire timar kvar dag på å sjå kul ut når eg kikar skrått nedover og røyker på bilde. Og så viser det seg at folk heller vil lese ei bok om trekjeppar!?»

16. desember: FrPs nestleiar Per Sandberg kritiserer Karl Ove Knausgårds angrep på vedboka. Sandberg seier frå Stortingets talarstol at Knausgård fornærmar boksmaken til folk flest, og ber Knausgård skrive «Min kamp» på nytt.

17. desember: Fleire andre politikarar kritiserer Sandbergs utspel, men understrekar at han naturligvis også har eit poeng.

18. desember: Siv Jensen kritiserer Sandbergs utspel, kritikken mot Sandbergs utspel og kommentarane til kritikken til Sandbergs utspel, og understerkar at han har heilt rett.

19. desember: I ein stor tv-debatt om Per Sandberg seier atten politiske redaktørar at vi må våge å ta debatten men at vi også må kunne ha to tankar i hovudet samtidig, sjå saka frå fleire sider, huske på at det er i motbakke det går oppover og vere enige om at det var ein fin tur.

20. desember: Ei av våre største nettaviser presenterer artikkelen: «Slik unngår du Per Sandberg på julebordet», med følgjande tips:

– Ikkje gå på julebord med Per Sandberg.

21. desember: Ei av våre halvstore nettaviser presenterer lekkasjar frå forlagas planlagde utgivingar neste år. Her er nokre av titlane:

– Hogg ved med lavkarbo
– Lavkarboved!
– Kom i form til vedsesongen med lavkarbo
– Hogging, saging og stabling av lavkarbomat
– Min kamp 7

Dei siste lukene kjem eg tilbake til rett før jul. Eg vil jo ikkje at du skal jukse og sjå i lukene for tidlig. 

Denne stod på trykk i Aftenposten 3. desember.