Boka til Johan Harstad på liste over årsbeste.

NPK-NTB
NPK-NTB
Faktaboks

Johan Harstad (1979) bur i Oslo, men er frå Stavanger. Debuterte i 2001 med kortprosasamlinga Herfra blir du bare eldre.

Andre verk:
Ambulanse
, novellesamling, 2002
Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?, roman, 2005
Hässelby, roman, 2007
Darlah, roman, 2008
Bsider, prosa og skodespel, 2008
Osv., skodespel, 2010

Les meir på Wikipedia!

LES FAKTALUKK FAKTA

Forfattar Johan Harstad lanserte «Buzz Aldrin, hvor ble det av deg i alt mylderet?» i New York på forsommaren. Forlaget som står for utgjevinga er det uavhengige, politisk og litterært engasjerte Seven Stories Press. Romanen vart godt mottatt og fekk både gode kritikkar og brei omtale.

No er romanen plassert på det velrenommerte tidsskriftet Kirkus Reviews' liste over dei beste skjønnlitterære bøkene utgitt i USA i 2011.

Han figurerer dessutan også på lista over dei ti beste debutantane i USA i år.

Kirkus Reviews bokmeldar meiner boka er ei vedunderleg forteljing om livet, kjærleiken og forviklingane. Vidare heiter det at romanen er ein moderne saga om romskip, isflak og karibiske draumar – i tillegg til at han er ein fest å lese.

Harstad-romanen er komen ut i 10 land. Korea står no for tur som det 11. landet. Her heime kan vi følgje ein tv-serie som er basert på romanen på NRK. (©NPK)

Sjå tv-serien her!

Sjå trailer av tv-serien her:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

ANNONSE