Du mildaste november
November 2011 går inn i soga som den mildaste i Noreg sidan 1867, då målingane starta.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Temperaturen låg i snitt 4,6 grader over normalen.
Månaden sin siste dag seier vel alt i så måte. På Voss, i Prestegardsmoen, viste det offisielle termometeret 11,0 plussgrader 30. november.
Same dagen i fjor var det minus 17,0. 28 grader i skilnad, med andre ord!
Snitt-temperaturen for stasjonen Vossavangen enda i november på 4,0 plussgrader. I fjor var snittet minus 3,4 grader. Normalen for Voss i november er 0,7 plussgrader.