Den germanske maskina

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.


BERLIN: Berlin … det er noko med namnet som vekkjer både avsky og ovundring. Likevel: Å laga reportasjar frå Berlin og Tyskland er i grunnen nokså keisamt, for berlinarane og tyskarane er ikkje som grekarar. Dei finn ikkje lenger på noko særleg ugagn. Dei liknar oss nordmenn. Men på vegen opp mot Riksdagen finn eg noko uventa og artig. Eg køyrer på ei brei gate som heiter Yitzhak Rabin Strasse. Noko slikt har vi ikkje i Oslo. Like bortanfor Riksdagen finn eg noko anna som forundrar meg: eit museum over ein amerikansk president. Ja, ikkje berre ein president, men eit museum over heile Kennedy-slekta. Israelarane og amerikanarane skal tydelegvis sleppa å tvila på kvar den tyske lojaliteten ligg.

– Har du sett dei nye karta for den framtidige energimarknaden i Europa, spør ein ung politisk rådgjevar for Fridemokratane (FDP).
– Noreg har ei viktig rolle å spela, svarar han sjølv.

Eg er i Tyskland for å tala med tyskarar om økonomi og eurokrisa, men tyskarar er ikkje økonomar. Dei er ingeniørar. Stort sett alle politikarar og politiske rådgjevarar eg møter, vil fyrst og fremst tala om Noreg som Europas framtidige batteri for fornye­leg energi. Det er ikkje måte på kva planar som er åt å verta laga om overføring av solenergi frå sør til norske vassmagasin i nord. Frå Festung Norwegen til Batteri Norwegen, altså. Men det temaet får liggja ved dette høvet.

Alt er på stell
For meg er det eitt ord som oppsummerer Tyskland: «stell», alt er så på stell, alt er så presist. Tyskland er ikkje ein nasjon, Tyskland er eit urverk. Onsdagskvelden sit eg i statsoperaen i Berlin. Eg ser Tryllefløyta. Ensemblet er ujamt. Berre Papageno, som vert spela av den einaste stjerna ved operaen, Roman Trekel, er verkeleg god. Det er ikkje uventa, stats­operaen er liten, og konkurransen mellom dei tyske byane om dei store stjernene er hard. Heller ikkje i Tyskland er talentbassenget utømeleg.

Likevel er framsyninga imponerande. Alle, frå lydmann til operasjef må ha teke arbeidet sitt djupt alvorleg. Som organisme er statsoperaen perfekt. Koreografien er sjølvsagt feilfri; til og med dei store fabeldyra som løyner fleire personar kvar, held rytmen og stoggar og startar nett der dei skal stogga og starta. Men mest imponerande er ingeniørkunsten, scene etter scene, dekorasjon etter dekorasjon, byta skjer i ein rykande fart, og ingenting går gale. I Tyskland lagar dei opera som dei lagar bilar, med funksjonalitet, presisjon og slitekraft.

For når ein fyrst har fått melding om å gjera noko, gjer ein det – kollektivt. I Tyskland er det lett å vera sjef. Men eg tek visst feil når eg seier at tyskarane er som vi nordmenn.

– Det er ei mistyding at tyskarar er skandinavar, seier Peter Wivel, mangeårig sjefredaktør for dei danske avisene Information, Berlingske Tidene og Weekendavisen. No er 66-åringen Tyskland- og Europa-korrespondent i Politiken. Wivel har skrive ei rad bøker om Tyskland og har butt mange år i Berlin.

– Vi skandinavar er mykje meir liberalistiske, individualistiske og antiautoritære. I Tyskland handlar det om truverde og haldning. Vert kanslaren og regjeringa sedde på som truverdige og har den rette haldninga, kan den politiske leiinga gjera mest som ho vil. Vi såg det i debatten om utplassering av atomrakettar, vi såg det under utbyggjinga av atomkraft, vi har sett det under tilskipinga av euroen og under arbeidet med ulike EU-traktatar. Millionar har vore i gatene og protestert. Men i dei viktige spørsmåla gjer leiarane det dei meiner er best for Tyskland og for Europa. Og folket godtek det. Tyskland er fyrst og fremst eit organisk land. Så lenge den jamne tyskaren har det økonomisk trygt og folk opplever sosial likskap, gjer dei det dei vert bedne om.

Ikkje lenger anarkistisk
Wivel bur i Prenzlauer Berg som låg i Aust-Berlin. Eg var der to gonger i byrjinga av 1990-åra. Staden var anarkistisk, ei salig blanding av russiske spesialsoldatar, cubanske lausfuglar og nyss tilkomne volgatyskarar. I dag har borgarskapet og studentar med rike foreldre teke over. Bustadprisane stig med 20 prosent i året, og staden har vorte domestisert. Kennedy tok feil, tenkjer eg medan eg et ein salat på ein liten kafé med glassveranda: Vi er ikkje berlinarar. Vi er Frogner-folk.

Når Tryllefløyta er over, får Papageno mest applaus, så kjem ypparstepresten, som òg er ei etablert stjerne. Alle andre får akkurat like mykje applaus. Men mest applaus får sjølvsagt ensemblet når dei kjem fram på scena samstundes.

– Ja, tyskarar er svært opptekne av konsensus, samarbeid og fellesskap, seier den leiande økonomijournalisten i Der Spiegel, Michael Sauga, som mellom anna har skrive ei bok om korleis dei tyske mellomlaga arbeider.

– Tyskarar tek ikkje for mykje risiko, korkje på vegner av seg sjølve eller kollektivet dei er del av.

– Fyrst og fremst er de vel konservative? Heime nyttar eg ikkje kontantar. Her derimot går det knapt an å nytta bankkort.
– Men det handlar om kreditt. Tyskarar er svært varsame med kreditt. Det er noko som angelsaksarar held på med. Å nytta kredittkort er å skapa skuld. Difor vil dei ikkje nytta det. Berre sjå på kor gale det gjekk i England og i USA, er tanken her. Tyskarar vil betala med kontantar som dei har spart seg til. Dei vil ikkje missa kontrollen, difor vil dei sjå pengane reint fysisk. I Tyskland er ekte økonomi industriprodukt og konkret og god service som ein ser. Finansnæringa her er som du veit, mykje mindre enn ho var i USA og i Storbritannia.

Men det var altså Tyskland og euroen. Eg skriv to reportasjar, ein som meir omhandlar Tyskland isolert og bakgrunnen for den noverande eurokrisa, og så ein om kva Tyskland kan gjera for euroen. Men det kjem sjølvsagt til å vera overlappingar.

Fattig stat
Kan den tyske staten berga euroen åleine? Både det lange og det korte svaret ser ut til å vera nei. Resten av Europa har mistydt eit eller anna. Den tyske staten er i dårlegare økonomisk forfatning enn det gjennomsnittsstaten i EU er. Tyskland har ein folkesetnad som vert stadig eldre, og stadig meir må betalast ut i pensjon. Fødselsratane har bite seg fast på under 1,5 per kvinne. Det er altså ikkje staten som er rik, det er tyskarane som er rike, som stort sett alle andre germanarar. Spania, til dømes, har langt mindre statsskuld enn Tyskland. Og i 2012 skal regjeringa i Berlin låna endå meir enn dei låner i år. «Det tyske gjeldsnivået er urovekkjande», seier statsministeren i Luxembourg, Jean-Claud Juncker, som styrer eit land som berre har 20 prosents statsskuld. Eller som den finanspolitiske talsperson for Dei Grøne i Bundestag, Lisa Paus, seier det med ein gong eg møter henne:

– Vi likar å tru at vi er herskarane over universet, kongen i eurosona, det økonomiske lokomotivet som alle skal læra av, men sanninga er at vi ikkje oppfyller krava i stabilitetspakta som vi sjølve laga (under 60 prosent statsskuld av BNP og underskot på mindre enn 3 prosent). Skulda er på 83 prosent, og vi har stadig vekk minst -3 prosent i underskot. Retorikken samsvarar ikkje med røyndomen.

– Kvifor er det slik?
– Både folk flest og politikarar likar å fortelja enkle soger. Livet vert lett då. Dessutan har stort sett alle politiske parti vore med på å skapa denne situasjonen. Men på toppen kjem sameininga mellom aust og vest – som er det store tabuet i tysk politikk. Alle veit at ho kosta svært mykje pengar, og det er store grupper der ute som er frustrerte over kostnadene. Inst inne veit vi tyskarar at vi finansierte det heile gjennom låneopptaka og gjennom auka trygde­avgifter. Men tala vert ikkje lagde ope fram, og det er eit demokratisk problem. Det var dei som i si tid åtvara mot kostnadene, men dei tapte politisk. Tyske politikarar lærde ei lekse då, her er det berre å halda munn. Dessutan er det ingen som ynskjer å stempla austtyskarane.

– Men du talar då om kostnadene?
– Vel, kostnadene vart haldne løynde for veljarane, difor har det vore eit ope sår. Skal vi få såret til å gro, må vi tala om det. Dessutan kan vi vona at eit ærleg ordskifte kan gje tyskarar eit meir realistisk syn på stoda i den tyske økonomien, seier Paus.

Rike germanarar
Likevel, og trass i den skrantande offentlege tyske økonomien: Om vi ser på den økonomiske balansen i heile euroområdet for 2011, er han slett ikkje verst. Ja, dei samla underskota på statsbudsjetta er på 4 prosent av det samla bruttonasjonalproduktet, men det altså er berre 1 prosent under kravet i EUs såkalla stabilitetspakt. Utan krisa hadde truleg euroområdet under eitt hatt overskot på statsbudsjettet. Om vi ser på den samla valuta- og handelsbalansen, er han endå mykje betre og ligg an til å verta på -0,6 prosent; innbyggjarane i euro­området brukar berre litt meir enn dei produserer og sparer kvart år. Eit land som USA, derimot, har eit underskot på statsbudsjettet på 9 prosent og eit underskot på valutabalansen på 3,2 prosent. Hadde USA hatt dei same makrotala som eurosamarbeidet, hadde ingen tala om den dårlege amerikanske økonomien.

Med andre ord: På mange måtar vert det feil å seia at eurosamarbeidet er inne i ei realøkonomisk krise. Årsaka til krisa ligg ein annan stad. Som Victor Norman seier. «Det er sjølve euroen som er krisa.» Eller som den tyske økonomen, Wilhelm Hankel, som vert intervjua i neste nummer, formulerer stoda:

– Euroen er éin skreddarsydd dress som er laga for sytten personar av ulik storleik.

Problemet er i grunnen nokså enkelt: Latinarane maktar ikkje å konkurrera mot teutonarane, som Churchill kunne ha sagt det. Euroen er det germanske språkområdet mot resten. I 2011 kjem tyskarane til å ha eit overskot på valutabalansen på 5 prosent av BNP, austerrikarane på side har eit overskot på 2,9 prosent og Nederland 7,3 prosent. Om vi lyfter blikket og ser på resten av det germanske området, har Danmark eit overskot på 5,4 prosent, Sverige på 6,4 prosent og oljerike Noregs overskot er på heile 12,9 prosent. Tek vi med eit anna delvis germansk område, Sveits, så ligg der overskotet på 12,2 prosent.

Det germanske området av Europa ligg altså langt føre Kina som har eit overskot på 3,5 prosent. Konklusjonen er eintydig: Verdas fremste spare- og produksjonsområde er Germania.   

Korleis ligg dei sørlege landa i EU an? Spania har ein valutabalanse på -3,8 prosent, Frankrike på -2,5, Italia ligg på -3,7 og Hellas på -9,7.

Vi talar altså om djupe kulturelle skilnader mellom det germanske språkområdet og resten av Europa. Før euroen vart desse store ubalansane ordna ved at søreuropearane stadig vekk devaluerte sin eigen valuta og at særleg tyskarane skreiv opp sin eigen. Det går ikkje leng­er. Eurosamarbeidet har no to alternativ: Anten må kvar germanar i nord overføra ein stor del av inntekta si til latinarane i sør, eller så må latinarane byrja å produsera svært mange fleire varer og tenester og det fort. Eit tredje alternativ er at Sør-Europa slår seg sjølv konkurs.

– Vi har prioritert feil
Så kvar var det at det skar seg?

– Vi tyskarar har prioritert feil i lang tid no, seier Lisa Paus.

– Vi har prioritert eksportsektoren og halde løningane nede i servicesektoren, som har altfor låge løner. Helse, butikk, utdaning, omsorg, i alle desse sektorane er lønene i Tyskland langt lægre enn i nabolanda. Den sektoren som er lønsleiande, er eksport- og industrisektoren, som har vore lønsleiande i heile etterkrigstida. Fagforeiningane der har synt liten eller ingen solidaritet med andre sektorar. På byrjinga av 2000-talet kalla internasjonal finanspresse oss den sjuke mannen i Europa. Det stemplet ville vi ikkje ha. Svaret vart å gjera vilkåra for dei som er nedst, dårlegare, medan dei som arbeider i eksportsektoren og gjekk inn i reformperioden med høge løning­ar, fekk halda lønene sine oppe. Skilnadene i lønsnivå har vore aukande i snart femten år, seier Lisa Paus, som går ved at partiet hennar ber sin del av ansvaret for utviklinga. Dei Grøne sat nemleg i regjering med Sosialdemokratane, SPD, og Gerhard Schröder, som samstundes som han liberaliserte arbeidsmarknaden, var den som i 2003–2004 under overskrifta «Agenda 2010» kutta kraftig i overføring­ane til trygda, offentleg tilsette og arbeidslause.

«Agenda 2010» er elles eit god døme på det Wivel kallar den tyske aksepten for autoritært styre. Ei rekkje demonstrasjonar vart halde, éin i Stuttgart i 2004 samla over 500.000. Men sidan den tyske grunnlova legg ned forbod mot politiske streikar, vart det inga arbeidsnedleggjing, og til slutt var det berre to kommunistar av 603 medlemer i Bundes­tag som konsekvent røysta mot «Agenda 2010».

– I Tyskland har vi eit uttrykk som seier at berre sosialdemokratar kan reformera økonomien. Schröder visste at dette er rett, men i prosessen sprengde han sitt eige parti, seier Michael Sauga.

For i 2005 vedgjekk Schröder at «Agenda 2010» var mot folke­viljen og skreiv ut nyval. SPD fekk 21 prosent, det verste resultatet i etterkrigstida. Men det er samstundes liten tvil om at reformene har gjort store ting for tysk konkurransekraft og i tillegg reduserte arbeidsløysa frå 10 prosent i 2005 til 6,9 i dag, som er det lægste sidan den tyske sameininga.

– Ja, for tysk konkurransekraft har reformene vore vellukka, seier Sauga, men peikar samstundes på at endringa byrja før «Agenda 2010» var vedteke.

Kva skjedde?
Dei fyrste som fekk svi, og det før euroen vart innførd, var offentleg tilsette. Mellom 1993 og 2000 vart det ikkje tilsett nye folk, og løningane som del av BNP gjekk ned med 1 prosent. Privat sektor fylgde raskt på. Kvar eining produsert fekk reduserte kostnader på 3,4 prosent mellom 1995 til 2000. Mellom 1997 og 2007 bruka Tyskland om lag 20 prosent meir per innbyggjar i offentlege kostnader samla sett. I eurosona var det same talet 40 prosent, og i Hellas 140 prosent. Kvar offentleg tilsett i Hellas fekk ein lønsauke på 112 prosent i same periode, gjennomsnittstalet i eurosona var 38, i Tyskland stod løningane for offentleg tilsette nær stille. Samla sett gjekk den tyske produktiviteten opp med 13 prosent mellom 2000 og 2009 medan gjennomsnittsløningane berre gjekk opp med 11 prosent. I Hellas gjekk gjennomsnitts­lønene opp med over 80 prosent.

Kva var så konsekvensen av at tyskarane vart meir og meir produktive utan å taka ut særleg meir løn? At tyskarar akkumulerte kapital som måtte investerast eller beint ut sagt etast opp. Peng­ane vart enkelt og greitt sende til Sør-Europa der dei skapte enorme inflasjons­effektar. Når ein samanliknar prisutvikling av tyske varer med dei sør­europeiske, vert biletet nokså klårt: Mellom 1995 og 2008 gjekk prisane på varer produserte i Hellas opp med 67 prosent, i Spania var det same talet 56 prosent, i Portugal 47 prosent og i Italia 41 prosent. I Tyskland gjekk prisane opp med 9 prosent.

Konklusjonen gjev seg kanskje sjølv: Euroen var og er ein feilkonstruksjon.

Ein lærar frå aust
Reinar Deutschmann er lærar og voks opp i DDR. Han sit i Bundes­tag for FDP der han er kulturpolitisk talsmann. (Det heiter ikkje Riksdagen lenger, men for å gjera det heile ekstra forvirrande held Bundestag til i bygningen som framleis vert kalla Riksdagen.) FDP kallar seg sjølv eit «nyliberalt» parti. Det er det partiet i Tyskland som sterkast har markert seg mot å hjelpa dei sør­europeiske landa gjennom overføringar, og det samstundes som partiet sit i regjering.

Men samstundes er FDP herja av store interne konfliktar. Ein fraksjon, den Deutschmann er med i, står bak Angela Merkels politikk, ein annan, under leiing av opprøraren Frank Schäffler, seier nei til alle typar hjelp og seier at Tyskland skal overlata til marknaden å ordna opp. Før førre riksval lova FDP store skattelettar til tyskarane og fekk sitt beste resultat nokon gong med 14,6 prosent. No er dei Tysklands minst populære riksparti og ligg på 2–3 prosent på meiningsmålingane, langt unna sperregrensa på 5 prosent, noko som er paradoksalt sidan FDPs beinharde motstand mot hjelpepakkar til sør har stor stønad i det tyske folket.

Wivel meiner han har forklåringa. Atter handlar det om truverde.

– FDP er for tida eit idiotparti. Tyskarane kan gjerne seia at dei er samde i det FDP hevdar, men dei ser samstundes at partiet er heilt utan truverde. Dei lovar skattelette i ei tid då staten treng kvar ein euro for å demma opp for krisa, og dei har ikkje vore i stand til å levera på noko som helst etter at dei kom i posisjon. Tyskarar vil ha truverde, FDP har ikkje truverde.

Det kan godt vera, men samstundes har FDP alltid vore konge­­vegen til makt i Tyskland. For fram til no har FDP sete i regjering i langt fleire år enn noko anna tysk parti i etterkrigstida. Og vert misnøya i FDP for stor, ryk fleirtalet til Angela Merkel.

Germania
Sidan mannen heiter Deutschmann, vil eg diskutera Germania med han.

– Eg kjenner meg heime i Skandinavia, i Nederland, i Tyskland og for den del i Sør-Tyrol. Roma og Athen er derimot eit framandt kontinent. Finst det ein tysk kultur utanfor Tyskland, og burde ikkje EU ha stogga ved Verona?
– Når det kjem til kultur, har eg noko av den same kjensla. Kvar sumar er eg tre veker i Sør-Tyrol i Italia. Det er nesten som å vera heime, same kultur, same språk og same mentalitet. Men det er ikkje til å koma forbi at Europa deler den same historia og at vi står andsynes felles utfordringar. Difor meiner eg at kultursporet delvis vert eit blindspor.

Eit politikarsvar der altså. Eg freistar igjen.

– Kva med tillit? Eg trur få europearar vil seia at dei alltid lit på franske, italienske og greske leiarar og at dei ikkje tenkjer på å mjøla si eiga kake. Sjølv kan eg hugsa Helmut Schmidt, Helmut Kohl, Gerhard Schröder og no Angela Merkel, dette er leiarar som europearar flest har lite på og rekna for sikkert at tenkjer på Europas og Tysklands beste. Er dette åt å endra seg? For Tyskland vert meir og meir framstilt som ein fiende av Europa.
– Her må vi halda tunga beint i munnen. Sjølvsagt er Tyskland ein leiande nasjon i Europa, og når det gjeld økonomi, er vi den leiande nasjonen. Dette meiner ikkje berre vi, dette meiner alle dei andre landa i EU. Men i og med krisa har det kome ei anna kjensle der ute. Vi får til dømes mykje meir negativ internasjonal presse. Kvifor? Av di vi krev at dei landa som har problem, skal endra den økonomiske politikken sin. Men Tyskland er ikkje åleine om dette: Alle landa i den nordlege delen av EU står samla bak desse krava, men det er Tyskland som får mest negativ merksemd. Det vi krev, er likevel berre rimeleg. Dei må byrja å betala ned på gjelda, dei må balansera budsjetta, og dei må byrja å sparka folk. Ja, sjølvsagt må dei sparka folk i offentleg sektor. Og då dukkar historia opp att. Dei gamle negative kjenslene frå krigen kjem fram att, særleg i Hellas. Dette er naturleg, men det er ikkje som det burde vera, seier Deutschmann og legg til:

– Vi i Tyskland gjev dei milliardar av våre eigne pengar, og så ventar desse landa at vi skal beda om orsaking for dette? For meg er det svært underleg. Og den jamne tyskaren forstår det ikkje. Men vi lever med kritikken, og vi kjem ikkje til å slakka på krava!

– FDP har alltid vore eit svært pro-europeisk parti. Men er det ikkje no på tide å gå ved at det var ein feil å taka søreuropearane med på laget?
– Her må du atter skilja mellom to ting. Det var heilt rett å sleppa inn dei søreuropeiske landa, fyrst i EF og så i EU. Europa har no vore i fred sidan krigen, og dette har EU gjeve store tilskot til. For oss i Tyskland har dette vore ei unik historisk røynsle, og vi har sjølvsagt hatt store føremoner av dette. Hugs at vi var landet som starta to verdskrigar. Men når det gjeld euroen, vert biletet eit anna. Vi har gjort store mistak. Særleg gjeld dette Hellas, som braut alle reglar og som juksa i ekstrem grad med tala. Vi skulle ikkje ha late land som ikkje hadde balanse i bøkene sine, inn i eurosamarbeidet. Det går eg ope ved. Men hugs òg at det var ei raudgrøn regjering som sat med makta då Hellas fekk koma inn. Dei visste at Hellas juksa, men dei sleppte dei inn i alle høve. Dette var eit politisk vedtak, og no må vi andre rydda opp etter dette vedtaket.

Her høyrer det med å nemna at opposisjonen totalt avviser denne framstillinga og viser til at Helmut Kohl var den som pressa gjennom eurosamarbeidet utan samstundes å krevja ein politisk union.

Balanse frå 2016
– Men når vi no veit kor gale det har gått, er det ikkje på tide å lata heile eurosamarbeidet fara?
– Nei. Og majoriteten i FDP er framleis for den europeiske idéen. Ja, vi har populistar som Frank Schäffler som ikkje har ei løysing og seier at vi skal overlata alt til finansmarknaden, det er så. Men eg trur Schäffler har starta noko han ikkje lenger har kontroll over og som gjer han redd. Berre sjå på Facebook-sida hans, der har han no tilhengjarar som er høgreekstreme. Sjølvsagt ynskjer han ikkje slike, men det er konsekvensen av det han har sett i gang. Schäffler seier berre kva som er gale, men han har ikkje eit einaste svar å koma med.

Men så var det altså påstandane frå Dei Grøne og Paus om den dårlege tyske offentlege økonomien og den vantande viljen frå regjeringa si side om å vedgå dette. Frå 1966 til 1969 var den djupt konservative leiaren av CSU, den bayerske avdelinga av CDU, Franz Josef Strauss, finansminister i Tyskland. Då han gjekk av, var den tyske statsskulda på 20 prosent av BNP. Strauss vart den siste finansministeren som reduserte den tyske statsgjelda både relativt og absolutt. No er skulda altså på 83 prosent, klårt høgre enn gjennomsnittet i EU. I den alt klassiske boka si frå 2009, This Time Is Different, viser Carmen Reinhardt og Kenneth Rogoff ved ein omfemnande bruk av historiske data at når statsgjelda vert på 90 prosent, reduserer dette den økonomiske veksten i ein økonomi med 1 prosent per år, og at det i tillegg vert nær umogeleg å betala ned på gjelda utan misleghald eller ved å taka i bruk inflasjonsvåpenet.

Likevel er det ikkje måte på kor mykje Angela Merkel og finansminister Wolfgang Schäuble skryter av den offentlege tyske økonomien og fortel andre at dei må gjera det same som Tyskland har gjort: «Heile verda har stor tillit til både den politiske styringa og finanspolitikken til Tyskland» og ser på oss som «ei trygg hamn», sa Schäuble for to veker sidan.

– Paus seier at den offentlege tyske økonomien ikkje er så god, og at det er på tide å seia rett ut at han langt på veg er så dårleg grunna sameininga. Det er eit faktum at Tyskland har ei statsskuld på over to billionar euro.
– Ja, dette er det store spørsmålet, og det er ikkje lett å svara kort. Men sjølvsagt veit vi og visste vi at sameininga med DDR kom til å verta svært dyr. Alle var opne om problema, og alle ville at vi skulle taka denne kostnaden. Ingen nektar for noko som helst, og svært få angrar på at vi tok på oss desse utgiftene. Helmut Kohl tala om blømande hagelandskap i aust, vi lo litt av han då, men i min eigen heimby i Sachsen er det no «bløming», om du vil. Der er arbeidsløysa på 7,5 prosent, som er på gjennomsnittet for Tyskland og lågt i europeisk samanheng, og for kvart år som går, går produktiviteten i aust opp og kjem etter kvart til å gje gode tilskot til den tyske veksten.

Men eitt går Deutschmann med på: Tyskland har eit stort gjeldsproblem og alle partia ber sin del av ansvaret.

– Berre så det er klart: Den tyske gjeldsveksten starta lenge før sameininga. Kvar einaste regjering, uavhengig av farge og politisk ståstad, har påført oss litt meir gjeld, år for år, periode etter periode. Men det er fyrst med den noverande regjeringa at vi verkeleg gjer noko med problemet. Ja, det vil taka tiår å fjerna skulda, men vi har byrja. Peer Steinbrück, den førre finansministeren frå SPD, sa i langtidsbudsjettet sitt at den tyske staten måtte låna 65 milliardar euro for å finansiera underskotet i 2012. Vi har fått dette ned til 26 milliardar euro, 40 milliardar lægre enn han spådde. Og vi skal få bort heile underskotet, seier Deutschmann.

For i 2016 vert det innført ein ny tysk grunnlovsparagraf, ein paragraf som Tyskland har tvinga Spania til å føra inn og stadig tving­ar alle andre euroland til òg å føra inn; paragrafen vert i Tyskland kalla «skuldbremsa».

– Både på føderalt og delstatsnivå vert det frå det året av ikkje lenger høve til å taka på seg ny skuld. Heretter skal den tyske staten leva av det han får inn i skattar og avgifter. Og når eg høyrer kva min kollega Lisa Paus seier, må eg få trekkja litt på smilebandet. Dei Grøne har stilt spørsmål ved om Tyskland skal ha ein bilindustri. Du kan gå attende og spørja henne om korleis ho har tenkt å verta kvitt den offentlege skulda utan dei éin million arbeidsplassane i bilindustrien.

– Eitt siste spørsmål: Dersom FDP gjer så mykje bra, og de representerer det synet som tyskarar flest har på skatt og skuld og offentleg sektor og overføring­ar til Sør-Europa, kvifor går det åt skogen på meiningsmålingane?
– Eg likar å kalla det eit persepsjonsproblem, nemleg skilnaden mellom røyndom og kva som vert oppfatta som røyndom. Medan tyskarar brukar pengar som aldri før og får stadig betre liv, seier dei samstundes at vi er eit utviklingsland, og at vi sit fast i myra. Men faktum er altså at økonomien veks, at vi har nokre av dei lægste arbeidsløysetala i Europa, og dei er lægre enn nokon gong sidan sameininga. Men slik er det politiske livet, ja, vi i FDP har vore for dårlege til å taka ære for alt som går godt, medan CDU har vore svært gode. No har vi media etter oss: Vi kan ikkje gjera noko rett i deira augo. Men alt dette vil endra seg. Slik er politikken.

Så også her er vi germanarar like, for også Noreg er eit av verdas rikaste land, og likevel går alt feil veg. Og her er vi kanskje på sporet av den stortyske suksessen. Vi er best på sutring, og sutrarar er ikkje nøgde med å ha nok, vi vil ha meir. Immer weiter.

LES SAKA I DAG OG TID!

Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under.