Åtvarar mot tøvêr på tundraen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I store område på den nordlege halvkule ligg organisk materiale nedfrose i bakken. Enkelte klimaforskarar har lenge vore bekymra for kva som vil skje når den globale oppvarminga tinar dei øvste jordlaga.

Då vert nemleg den svært potente klimagassen metan frigjort frå områda der det tidlegare var permafrost. Undersøkingar tyder på at dette er i ferd med å skje allereie i dag.

Store område
No meiner ei gruppe forskarar at smeltinga kan frigjere opptil fem gonger så mykje karbon som tidlegare rekna med innan 2100. Det er omtrent like mykje som dei samla utsleppa frå avskoging i dag. Men effekten av smeltande permafrost kan bli større, sidan mykje av karbonet her vil bli omdanna til metan, som er ein kraftigare klimagass enn CO2.

Til saman 1,700 milliardar tonn karbon ligg lagra i eit område på 18,8 millionar kvadratkilometer der det i dag er tele i bakken året rundt, ifølgje forskarane som høyrer til Permafrost Carbon Research Network.

Dette er om lag fire gonger så mykje som menneska har sleppt ut i moderne tid fram til no. Grunnen til at anslaget er høgare enn tidlegare, er at forskarane no har tatt omsyn til djupna på laga med organisk materiale.

Vond sirkel
Dersom forskarane har rett, så kan utsleppa av metan inngå i ein vond sirkel der drivhuseffekten og den globale oppvarminga gradvis blir kraftigare.

I utgangspunktet stig temperaturen på jorda på grunn av menneskeskapte utslepp av CO2. Dette får permafrosten til å smelte, noko som fører til utslepp av metan – noko som i sin tur får temperaturen til å auke endå meir.
Til saman 41 forskarar frå forskjellige land står bak den nye studien. Han blei publisert i tidsskriftet Nature denne veka, samtidig som forhandlarar frå heile verda var samla på det store klimamøtet i Durban i Sør-Afrika.
Smeltande permafrost er likevel eit tema som er omgitt av stor uvisse, og ulike klimaforskarar er ueinige om kor stor effekt prosessen vil ha på drivhuseffekten. (©NPK)

Faktaboks

Metan. CH4, fargelaus, brennbar gass. Hovedkomponent i sumpgass, gruvegass og såkalla tørr naturgass.

Metan vert danna i naturen ved særleg cellulose, og finst til dømes i myrer og sumpar. Tarmgassen til pattedyr inneheld ein stor andel metan. Metan er ein hovudkomponent i biogass som dannast i deponi for organisk avfall. Metan finst i holrom i kol-leier og gassen kjem ut ved bryting av kol, slik at gruveluft kan verte eksplosiv.

Metan vert utvunna i enorme mengder frå ei rekke gass- og olje/gass-felt ulike stadar i verda. Ekofisk-, Frigg- og Statfjordfeltene inneheld alle store mengder metan.

Metan er ein viktig klimagass og utslepp av metan til atmosfæra bidreg til drivhuseffekten.

Les meir på Store Norske Leksikon!