OECD spår norsk bustadsprekk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) er heilt sikker på at prisane vil falle i Sverige og meiner eit liknande vendepunkt er sannsynleg, men ikkje sikkert, for dei andre fem landa, skriv Finansavisen.

OECD peiker på at det i fleire land er eit pris-leige-forhold på meir enn 50 prosent av det langsiktige gjennomsnittet, og at realprisen i desse landa truleg er nær toppen, sjølv med låge realrenter.

Målt på denne måten er land som Noreg og Belgia nærmast ein bustadfall, skriv avisa.

Tidlegare studiar gjennomført av OECD tyder dessutan på at bustadprisane no svingar meir med konjunkturane og finansmarknadene enn tidlegare, noko som også aukar sannsynlegdomen for eit prisfall i fleire land.