Blir inspirert av Vangsgutane

Arnt Olav Foseide
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– På den tida Vangsgutane kom ut fyrste gongen, rådde det ei innstilling og ein moral i samfunnet som kan verke framand på enkelte i dag: Du skulle sjølv prøve å ta ansvar, vere sjølvstendig, finne løysingar på praktiske problem, høyre på formaningane i heimen, arbeide hardt, – og etterkvart nyte fruktene av din eigen innsats. Eg kom til å kjenne meg att i Vangsgutane. Kåre og Steinar Vangen er alltid ein inspirasjon for dei som vil noko, skriv Olav Thon i jubileumsheftet denne jula.

Den klassiske norske teikneserien av Leif Halse fyller 70 år. Serien tek for seg dei prektige og veslevaksne brørne Steinar og Kåre Vangen, som bur på eit småbruk i Todalen på Nordmøre.

Den nyskrivne historia om Vangsgutane og Larris er lagt til åra 1940-1945, altså frå den tidsbolken det første heftet kom. Det var vanskelege tider i landet og lite mat å få for nokon og kvar. På Vangen hadde dei likevel fått tak i ein grisunge som med tida skulle syta for julematen. Men den må løynast både for bygdefolka, landbruksinspektøren og tyskarane. Dette byr på store utfordringar for Vangsgutane, ikkje minst når Larris også får lyst på litt av juleflesket.

LES OGSÅ: Eit liv med eventyrlege strekar

Elles inneheld juleheftet ein artikkel av Arthur Mo om historikken til Vangsgutane frå førstetil årets hefte. Trufaste lesarar får også sitt. Det blir gjensyn med ei soge frå 1964, skriven av Leif Halse.

Har Vangsgutane framleis noko å gje oss i dag? Diskutèr gjerne i kommentarfeltet under.

Faktaboks

Vangsgutane blei først presentert i Nynorsk Vekeblad nummer 17 som kom ut 6. november 1940. Serien heldt fram i vekebladet til 1954. Allereie i 1941 kom serien ut som julehefte, og har gjort det dei fleste åra sidan. Det siste nyskrivne heftet kom ut til jula 1981. I 1983 kom serien òg som sommarhefte. Frå 1983 har Fonna Forlag gjeve ut julehefta som opptrykk av tidlegare seriar.
Teksten til Vangsgutane er skriven av Leif Halse frå Halsa på Nordmøre, med unntak for juleheftet i 1981, då han samarbeida med sonen Kåre Halse.

Følgjande har teikna serien:
Jens R. Nilssen: 1941-1957 og 1962
Atle Steinsfjord: 1958 og 1966
Bjarne Kristoffersen: 1959, 1960, 1964 og 1965
Ivar Pettersen: 1967-1979
John Thoresen og Bjarne Kristoffersen: 1980
John Thoresen: 1981.
I 1961 blei serien teikna av ein anonym kvinneleg teiknar.

Kjelde: Wikipedia