Gründer fryktar norsk industridød

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det har blitt 10.000 færre tilsette i norsk industri det siste halvåret.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

REC-gründer Alf Bjørseth etterlyser ein nasjonal strategi for å stoppa industridøden.

Han fryktar at konkurransen frå Asia, og då spesielt Kina, vil gjere det endå vanskelegare for norske industribedrifter å konkurrera, skriv Finansavisen.

– Vi kan ikkje slå dei på kostnad, men vi kan slå dei på innovasjon. Det er det eg håpar og trur kan bli redninga framover, seier Bjørseth, som forlét REC då selskapet blei notert på børsen.

Bjørseth meiner at dei enorme ressursane som staten rår over gjennom mellom anna Oljefondet, kan nyttast i ein nasjonal strategi for industrialisering, og han etterlyser ein diskusjon om korleis og kvifor midlane skal nyttast.

– Ein kan stilla spørsmål ved om det er betre å kjøpa ei handlegate i London enn å investera i norske industriprosessar, seier han.

Berre i haust har REC kutta 700 arbeidsplassar, Norske Skog 350 og Hunsfos Fabrikker 140. Fleire trur også at Hydro på sikt vil leggja ned verksemda i Noreg. (©NPK)

Diskutèr gjerne saka i kommentarfeltet under!