Me har fått 18.000 km lengre kyst

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tre år har dei kartlagt kysten på nytt med betre målingar og rikare detaljnivå. Det har resultert i reviderte offisielle tal om kysten vår, melder Statkart.no.

Lengda på kystlinja er aldri absolutt – ein kan faktisk få ho nesten så lang ein vil. Det kjem an på kor detaljert ein måler, ifølgje kartverket. Per i dag reknar ein at kystlinja 100.915 kilometer, og det tyder at vi har 20 meter strandsone kvar i Noreg.

QUIZ: Test deg sjølv i Noregsgeografi!

Den nye kartlegginga har også fått konsekvensar for talet på øyar. Alle holmar med areal over ti kvadratmeter er definert som øyar. Holmar på mellom fem og ti kvadratmeter blir enten klassifisert som øyar eller skjær ut frå forma på holmen. Før hadde me 74.528 øyar, no har me heile 239.057. (©NPK)

Sjekk alle øyane i Noreg her!