Arnold refsar miljørørsla

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Du kan ikkje seie til dei som slit med å få endane til å møtes for seg sjølv og familien sin, at dei skal bekymre seg meir for at polane smeltar. Du kan ikkje seie til kinesarane: De har jo sykla i så mange år, fortsett med det, sa Schwarzenegger i talen sin under Zerokonferansen på Gardermoen måndag.

Den verdskjende skodespelaren og tidlegare California-guvernøren, som er kjent for å køyre store hydrogendrivne bilar, meiner miljørørsla er mislykka i planen sin om å «skremme» folk til handling for klimaet. I staden skal ein formulere djerve visjonar og samtidig tenkje over korleis ein skal selje bodskapen, meiner han.

– Må snakka om jobbar
– Miljørørsla må bli flinkare til å snakke om goda ved ein grøn økonomi. Vi kan ikkje berre snakke om klimaendringar. Vi må også snakke om jobbar, sa Schwarzenegger og viste til dei positive følgjene for økonomien som klimasatsinga i California førte til.

Zero-sjef Einar Håndlykken har kalla Arnold Schwarzenegger "klimaet sin eigen actionhelt» og viser til at han hadde ei eiga gjennomføringskraft på vegner av miljøet som guvernør.

LES OGSÅ: – Sverige flinkare enn Noreg på klima

– Han viste at vi kan kutte klimautslepp utan store livsstilsendringar, seier Håndlykken.

Klimaleiande
Under Schwarzenegger vedtok California å redusere utsleppa til 1990-nivå innan 2020. Utsleppsfrie fartsårar, storstilt satsing på solenergi og klimavennlege byggjeforskrifter er andre døme på tiltak som ifølgje Zero har gjort den amerikanske delstaten til eit dei leiande områda i verda for klimateknologi. (©NPK)

Kva meiner du skal til for å skapa ein grønare økonomi?

Faktaboks