Stas og sosialt

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som dei fleste andre fylke, har Oppland eit ungdomsorgan.

Her løyvar og diskuterar ungdommane, og utviklar seg kanskje til framtidas politikarar.

– Er du engasjert, så vis det fram. Men hugs å ikkje ta heilt av. Det var eit av råda ungdommane fekk, då Framtida var innom.

Ikkje partipolitikk
Ungdommens fylkesting(UFT) har som visjon å inkludere og engasjere opplandsungdom, og gjere kvardagen deira betre.

– Det er viktig å halde partipolitikk utanfor, for at vi skal fungere bra og at folk skal ta oss på alvor. Vi er eit råd med takhøgd og god stemning, seier ungdommane.

Elles meiner ungdommane i UFT at respekt for alle, god møtekultur og sterke meiningar, er viktige for å ha eit godt råd og for å få gjennomslag.

Ein forskjell
– De beste med å vera med i UFT, er jo at vi gjer ein liten forskjell, seier August Tekrø frå Raufoss som har vore representant i eit år.

Han fortel at noko av det dei jobbar mest med, er tilhøva på dei vidaregåande skulane. Sjølv om fylkeskommunen eig alle skulane, er kantinetilbodet og fråværsføringa ulik.

– Denne samlinga har vi arbeida med trafikktryggleik. Det er veldig viktig og det er veldig nære. Vi må seie ifrå, om det går får fort eller andre ikkje brukar belte. I tilegg til å påverke vår eigen krins, er det viktig at vi påverkar all ungdom, om ikkje direkte, så i alle fall indirekte, forklarer August.

Kaffi
Mellom sakspapir, innleiingar, diskusjonar kring kantine og fråvær, har ungdommane tid til å kose seg på samling. Denne gongen vart det bygd tårn av spagetti og ete julemiddag.

På møta er ungdommane klåre på kva som er viktig.

– Kaffi, idear og engasjement, det er kanskje det viktigaste. Avsluttar ungdommane, før dei arbeider vidare med trafikktryggleik.