– Feigt, seier Målungdommen til at Kulturdepartementet ikkje krev nynorsk teksting av norske kinofilmar.

NPK
NPK

Alle spelefilmar som får statstilskot etter 1 januar 2012 skal visast med tekst når dei blir sett opp på kino. Dette vil gjere norske filmar tilgjengeleg for eit større publikum og medverke til å gjere samfunnet meir inkluderande og tilgjengeleg for alle deler av folket, meiner kulturminister Anniken Huitfeldt.

Norsk Målungdom gjekk i september ut å kravde at det skulle presiserast at filmane skulle tekstast på både nynorsk og bokmål. Det har ikkje departementet teke omsyn til. Det er opp til produsenten av filmen å avgjere kva målform som skal nyttast, opplyser dei til Nynorsk pressekontor.

Feig løysing
Leiar Janne Nygård i Norsk Målungdom er skuffa over at departementet har valt det ho kallar ei litt feig løysing.

– Me meiner at det departementet burde følgt opp si eiga stortingsmelding Mål og meining frå 2008 der dei slår fast at norsk inneber både nynorsk og bokmål, seier Nygård.

LES OGSÅ: Krev teksting på begge måla

Målungdommen viser til at departementet sjølv argumenterer med at teksting kostar relativt lite i våre dagar, og meiner det difor burde vere mogleg å parallelltekste.

– Då kunne kinosjefane velje kva målform dei ville nytte, og filmane kunne bli vist med nynorsk tekst i nynorskområde. Det ville bli eit reelt val, seier Nygård. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE