Elevar tvinga til å be på p-plass
Blir nekta å nytta skulen sitt område.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Etter at elevane på Ulsrud videregående skole blei nekta å be på skuleområdet, har dei sett seg nøydde til å be på ein parkeringsplass i nærleiken av skulen.
– Det er veldig kaldt. Eg frys og det er utruleg vanskeleg å konsentrera seg om bøna når det er så kaldt, seier Ibrahim El Kadi til NRK Østlandssendingen.
To gonger om dagen ønskjer El Kadi og mange av dei muslimske vennene hans å få be på skulen. Bønetida passar med friminutta, og El Kadi seier til NRK at dei gjennom elevrådet lenge har bede om å få eit stillerom der dei kan be.
Utdanningsetaten i Oslo seier at ingen har krav til utøving av religion i arbeidstida eller på skulen, medan rektor seier han er i dialog med elevane.
Får kritikk
KrFU og Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn reagerer på at elevane skulen må be på parkeringsplassen.
– Eg har til gode å møta nokon som blir plaga av at andre ber i eit anna rom. Når norske fengsel får dette til, burde det heller ikkje vera noko problem å få til det same i osloskulen, seier KrFU-leiar Elisabeth Løland til NTB, og føreslår at rektoren blir sendt på vaksenopplæring.
Bør elevar få lov til å bruka klasserom eller andre rom på skulen til bøn?