Krev forbod mot Statoil-film
Framtiden i våre hender ber Forbrukarombodet om å stoppe Statoil-reklamefilmen om det norske oljeeventyret.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Organisasjonen meiner filmen både er villeiande og at han er retta mot barn.
Det er i ein TV-reklame der ein far fortel eventyr til dottera at organisasjonen meiner oljeselskapet går over streken.
– Reklamen er utforma mot barn, med godnatteventyr og animasjon som verkemiddel og Framtiden i våre hender meiner Statoil blir framstilt som eit selskap som leitar etter skattar som verda treng for å fungere, seier leiar Arild Hermstad i Framtiden i våre hender.
Han meiner Statoil bryt paragraf 7 i marknadsføringslova om villeiande handlingar, og paragraf 19 om særleg vern av barn.
Organisasjonen krev difor at Forbrukarombodet fattar eit vedtak om forbod mot vidare bruk av TV-reklamen. (©NPK)
Kva synst du om reklamen? Er han retta mot born? Bør han stoppast?