– Media rekrutterer potensielle terroristar
Norske media er med på å rekruttera potensielle terroristar ved å la ytterleggåande meiningar liggja usensurert på nettsidene sine, meiner forfattar og bloggar Øyvind Strømmen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Media vervar mulege terroristar
– Norske media har late nettdebatten gå over styr i ei form som aldri ville blitt godkjent i ei papiravis, seier Strømmen.
Ved å la dei ytterleggåande dominera debatten meiner Strømmen at norske media indirekte kan rekruttera potensielle terroristar ved at dei lagar ei plattform for høgreekstremistane.
LES OGSÅ: Nettaktivistar mot rasisme
Strømmen har i fleire år overvaka høgreradikale på nett og har sett det hatet som mellom anna gror på nettsidene til norske media.
I desse dagar gjev han ut boka «Det mørke nettet – en bok om høyreekstremisme, kontrajihadisme og terror i Europa». (©NPK).
Bør det vera heilt umogleg å vera anonym i nettdebattar?