Dette er årets festival

Nok ein festival som bruker nynorsk er kåra til Årets rockefestival.

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bygdalarm i Øystese i Hardanger er kåra til Årets festival av Norsk Rockforbund. I tillegg til sigeren som Årets festival stakk dei også av med sigeren for Årets effekt. Dei vidgjetne ljoskjeppane (les: glowstick type kvist) stakk seg fram som den mest innovative festivaleffekten.

I skrivet frå Norsk Rockforbund heiter det:

"Vinneren er en festival som med sin tydelige og unike identitet har markert seg som en fargeklatt i faunaen av norske festivaler. De har hatt tro på det litt odde konseptet sitt, og har blitt svært anerkjente for å bruke lokale matvarer og lokale tradisjoner på en ny og moderne måte."

Festivalen har sidan starten i 2007 skapt store ringverknader for lokalmiljøet, og med masse humor og ei rekkje snedige tiltak har festivalen fått mykje merksemd både på lokalt, regionalt og riksnivå. Festivalen har turt å satse på ein spennande bookingprofil og servert eit svoltent publikum både små og store, norske og internasjonale band frå forskjellige sjangrar. I tillegg har dei stått for ein edrueleg og økonomisk drift, noko som Norsk Rockforbund synest er spesielt positivt.

Festivalen runda 3000 besøkjande i sommar.

– Vi håper denne prisen kan inspirera festivalen til å halde fram det gode arbeidet sitt. Prisen er ei stadfesting for godt arbeid frå kollegaer i festivalbransjen. Så sjølv om vi ikkje deler ut ein stor pengesjekk, så betyr denne prisen tradisjonelt mykje for medlemmane våre. Bygdalarm har sidan starten vore ein fargeklatt, og me gler oss til fortsetjinga. Me gratulerer også Pstereo som stakk av med prisen for beste festivalplakat, seier konstituert daglig leiar i Norsk Rockforbund, Lars Tefre Baade til heimesidene deira.

I løpet av dei åtte åra dei har delt ut pris, har prisen gått til fire festivalar som brukar nynorsk.

Kva er den beste festivalopplevinga di i 2011?

Faktaboks

Tidlegare vinnarar av “årets festival”:
2004: Malakoff
2005: Malakoff og Bukta
2006: Vinjerock
2007: Storåsfestivalen
2008: Skral Festival
2009: Slottsfjell
2010: Buktafestivalen"