Nika Rosa Daniola, kjent under artistnamnet Zola Jesus, er månadens artist.

Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Anna Kleiva, Norsk Barneblad
Faktaboks

Les meir om Zola Jesus på Wikipedia!

Musikktips for november

Yuksek – Break Ya
Jacqueline Taieb – La Fac De Lettres
Camille – Assise
Peter Van Poehl – The Bell Tolls Five
Mercedes Sosa – Balderrama

LES FAKTALUKK FAKTA

Nika Rosa Daniola er fødd i 1989 og oppvaksen i ein liten by i Wisconsin, USA. Ifølgje Nika sjølv var det mykje skog og minimalt med Internett i løpet av oppveksten; ein måtte sjølv oppsøkje den underhaldninga ein ville ha. Derfor kjøpte Nika seg, i ein alder av sju år, notar til klassiske operastykke, og kassettar med klassiske songøvingar. Det var hennar eigen idé, og ho øvde på eiga hand – men etter kort tid begynte ho å ta timar hos songlærar.

Som tiåring opptredde Nika som operasongar. Rykta seier også at ho på denne tida søkte ved Juilliard, eit kjent danse-, drama- og musikk-konservatorium i New York. Men opera kan ta på. Både fordi ho var veldig ung, og fordi ho vart frykteleg nervøs, opplevde Nika fleire gonger å miste stemma før ho skulle opptre.

Etter ti år som operasongar gav ho seg mot slutten av tenåra. Nika begynte å utforske meir moderne musikksjangrar; ho nærma seg rocken. Det var på denne tida ho vart Zola Jesus, eit namn ho berre brukar når ho er på scena. Ho kalla seg Zola etter den franske, naturalistiske forfattaren Émile Zola, og Jesus etter den meir kjende Jesus Kristus. Trass i at Jesus er eit vanleg gutenamn i Latin-Amerika, har «Zola Jesus» blitt oppfatta som eit kontroversielt artistnamn.

Plater og studium
I 2008 kom Zola Jesus’ første singlar ut. Dei heitte Poor Sons og Soeur Sewer. På denne tida forsøkte ho å studere business, men ho gav snart opp og begynte på ein dobbel master i fransk og filosofi i staden.

Debutalbumet The Spoils (2009) vart spelt inn heime i hennar eiga leilegheit. Ho fortalde at musikken var inspirert av vinteren; det er kaldt ute, men inne i huset er det varmt. Albumet fekk mykje merksemd, og var med på listene for årets beste i blad som Pitchfork og Dusted.

Same år gav ho også ut Tsar Bomba (ein EP), New Amsterdam (eit live-album), og eit delt album med artisten Burial Hex. Ho samarbeidde dessutan med Rory Kane; prosjektet deira heitte Nika + Rory, og hadde eit meir popmusikalsk uttrykk.

Kraftfull stemme
I 2010 turnerte Zola Jesus med både Fever Ray og The xx, i tillegg til å gjere konsertar på eiga hand. Ho gav også ut EP-en Stridulum, som var inspirert av ein film frå 1979 med same namn. Her var ho hakket meir pop enn ved førre utgjeving – utan at ein nærmar seg listepopen det minste. Zola Jesus var framleis mest goth, synthpop og eksperimentell rock. Valusia EP og albumet Stridulum II kom same år.

Nikas klassiske bakgrunn skin igjennom når ein høyrer på Zola Jesus. Ikkje berre har ho ei kraftfull stemme, albuma er også bygde opp på ein svært bevisst måte.

I likheit med operaer har dei ei organisk utvikling. Tekstene hennar er inspirerte av filosofane og forfattarane ho har lese, men også av tradisjonsmusikken sin måte å snakke på; rett fram. Det tredje albumet hennar, Conatus, kom ut hausten 2011.

 

Først publisert i Norsk Barneblad

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.33

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE