Anne fekk nytt hjarta

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dersom du kan lesa desse linjene, då slår hjarta ditt. Sjølvsagt. Du tenkjer ikkje på det. For Anne Nesse Belt (39) og Line Marie Hansen (20) er det ikkje sjølvsagt at hjarta slår. Begge er hjarteopererte.
 
– Kunne vore meg
Alf Kjetil Walgermo har skrive boka "Mitt bankande hjarte", om ei 13 år gamal jente som får nytt hjarte.

Boktittelen var også tittelen på møtet som Falturiltu arrangerte onsdag kveld med forfattaren og dei to kvinnene. Og der Asbjørn Snilstveit (piano) og Grete Hylland (tverrfløyte) underheldt med klassisk musikk.

LES OGSÅ: Svakt hjarte med sterk livsgneist

– Eg kjende meg godt att i boka til Walgermo. 13-årige Amanda kunne vore meg, sa Anne Nesse Belt då ho fortalde om sjukdomen og tida på Rikshospitalet.

Ni år gamal fekk ho ein virussjukdom på hjarta; det byrja veksa. Det einaste som kunne berga henne var eit nytt hjarta.
 
Den yngste
Fram til 1984 var det ikkje føreteke hjartetransplantasjonar i Norden. Som 14-åring i 1986 var Nesse Belt den yngste i Noreg som fekk nytt hjarte, og ho vart den tjueniande i Noreg med transplantert hjarte.

I dag er det 25 år sidan det skjedde.

– Å veta at nokon skulle ta ut hjarta mitt og setja inn hjarta til ein annan, var svært traumatisk. Eg måtte forhalda meg til dette veldige, samstundes som andre unge jenter lurde på kva strømpebukse dei skulle velja til diskoteket. Likevel var det ein enorm lette å få høyra at livet mitt kunne bergast.

– Nokon må døy for at andre skal kunna leva vidare. Dette er personar som ville døydd uansett. Då er det ei fin gåve å donera delar av kroppen som kan hjelpa andre. Det er ikkje hyggjeleg å snakka om slikt ved middagsbordet, men det er eit svært viktig tema. Kva skal våre kroppar brukast til den dagen livet tar slutt? spurde Nesse Belt.
 
Spelte fotball
Då ho fekk sjukdomen trassa ho mange av dei avgrensingar diagnosen sette for ein niåring. Ho spelte fotball og ho tok idrettsmerket alt medan ho vart meir og meir merkt av sjukdomen.

Som vaksen gav ho legen sjokk med å verta gravid. Det gjekk bra – dottera er no 12 år.

– På sjukehuset kjende eg meg trygg. Mamma og pappa var der. Veninner støtta meg. Legane var dugande, klare i tale og ivaretakande. Dei snakka om det som var viktig for pasienten, og dei gav av seg sjølve.

Dette bør legestudentar leggja seg på minne. Eg har møtt svært mange legar, men berre nokre få av dei har eg her, sa Nesse Belt og la handa mot det hjarta som er hennar andre.
 
Den eldste
Line Marie Hansen fortalde sjukdomshistora til lesarane av Sunnhordland for eit par år sidan. No stod ho framfor eit levande publikum.

– Då eg vart fødd fortalde legane foreldra mine at eg ville vera død innan eg var 15 år. No står eg her og er 20. Eg er truleg den eldste i Europa med denne sjukdomen, sa Hansen medan tårene pressa på.

Sjukdomen hennar heiter hypoplastisk venstrehjartesyndrom. I dag utdannar ho seg til sjukepleiar, for ho vil gjerne gje noko attende for all den hjelpa ho har fått. Ho er også med i landsstyret for Foreningen voksne med medfødt hjertefeil.
 
Operert i USA
Hansen har vore operert i USA fleire gonger. Ho har eit stort arr på bringa, men går i bikini likevel når det er årstid for det.

– Eg må heile tida leva med at det kan skje noko med hjarta. Om det vert aktuelt med hjartetransplantasjon må truleg også lungene skiftast. Eg prøver å ikkje tenkja så mykje på det, fortalde ho.

Hansen har spelt fotball i mange år i tillegg til mange andre fysiske aktivitetar. Venekrinsen er stor. Ho har fått seg kjæraste. Store ting som eventuell graviditet får ein ekstra dimensjon når ein har hjartefeil.

– Eg har møtt henne på treningssenteret på Heiane der ho tek dobbeltimar. Line er ei jente som verkeleg er tøff i trynet, sa Anne Nesse Belt.

Mor til Anne, Ingrid Solås Nesse, gav dottera si same attesten: – Ho er noko av det tøffaste eg veit om!

Ein annan person
Alf Kjetil Walgermo las frå boka si, om dei kjenslene hovudpersonen Amanda hadde då ho fekk greie på at hjarta måtte bytast. Tenk om ho vart ein heilt annan person? Kanskje ho ikkje ville kjenna att mor og far? Kanskje ho ikkje lenger ville vera forelska i David? På Rikshospitalet vert boka sett på som "svært viktig".

I Noreg er det lovfesta at den som får nytt hjarte ikkje skal veta kven donoren er, og familien til donoren får ikkje veta kven som har fått hjarta til den avdøde.

I kassen på Coop på Heiane sit det av og til ei ung kvinne med Line Marie på namneskiltet. Underteikna har mange gonger undrast over arret som er synleg i den opne skjortehalsen. No veit eg.

LES SAKA I SUNNHORDLAND!