Oljetriumfen til USA

USA er snart uavhengige av den arabiske verda og OPEC. Den innanlandske oljeproduksjonen veks og veks, og på vegen kjem økonomien i balanse att.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

«Peak Oil», omgrepet har ikkje nokor god norsk omsetjing, men det tyder noko slikt som «oljetoppteorien». Det er ein av dei mest kontroversielle teoriane i verdssoga. Skriv «M. King Hubbert» i søkjefeltet på Google, og du vert sitjande og lesa i dagevis. I 1956 spådde Hubbert, som var sjefsgeolog i amerikanske Shell, at USAs oljeproduksjon vil stiga kraftig fram til om lag 1970, for så å gå dramatisk ned. Han vart sedd på som ein klovn. I 1971 toppa likevel produksjonen seg, og i dei påfylgjande tre tiåra fall han dramatisk. Og som det hadde gått i USA, kom det til å gå i resten av verda, byrja ein stadig aukande tilhengjarskare av den tidlegare «klovnen» å hevda.

Med fare for ei mengd lesarbrev og e-brev og trass i spådomen til Hubbert: «Peak Oil» er feil.

Men fyrst ei viktig melding: Oljeskifer er ikkje det same som skiferolje. Oljeskifer er eit sekkeomgrep for finkorna sedimentære bergartar som inneheld olje og gass. Skiferolje, derimot, er enkelt sagt olje som ligg lagra mellom laga av skifer. Det er ein del av ei større gruppering olje som vert kalla «olje i tette bergartar». Hugs dette.

Framtida
«Oljeskifer er energiforma for framtida», gjekk eit gamalt humoristisk ordtak i Colorado, «og slik vil det alltid vera». Det seier ikkje innbyggjarane i fjellstaten lenger. Kommunen Rio Blanco County er eit hol, ein skitplass, ein stad ingen vil ynskja å bu. Namn som «Stinking Water Creek», seier sitt. Men slike namn er vanlege i Rocky Mountains. Oljen tyt opp over alt. Rio Blanco ligg på toppen av Piceance-bassenget, eit namn som er ukjent for dei fleste, men ikkje for geologar. Dette fjell- og ørkenområdet vest i USA inneheld nok olje til at amerikanarane kan gløyma arabarlanda, Noreg og Venezuela for resten av si og barnebarnas levetid – om dei får han opp. For 300 meter rett ned ligg den kanskje største førekomsten i verda av oljeskifer. Dei offisielle estimata seier 1,5 billionar fat med olje, meir ein fem gonger dei på­­viste reservane i Saudi-Arabia.

Men får dei han opp? Avhengig av kven du spør, får du ulike svar, men det stutte svaret er: truleg. Spørsmålet er kostnaden. Oljeskifer har med ujamne mellomrom vorte utnytta i snart hundre og femti år i USA, men kvar gong prisane på den internasjonale oljemarknaden har gått nok ned, har den amerikanske oljeskiferproduksjonen vorte fasa ut grunna manglande lønsemd. Produsentane har ikkje fått pengar att for investeringane. No meiner Shell likevel at dei har funne løysinga. Det har dei faktisk meint nokså lenge. Difor har dei investert stort i prøvefeltet Mahogany i nett Rio Blanco, som ligg om lag 320 kilometer vest for Denver. Fyrste gong dei henta ut olje der, var i 1996, og i 2009 fekk Shell berre på nokre dagar opp 1400 fat olje, og det utan nokor form for «opa» drift – dei tok oljen rett opp or bakken utan å måtta grava ut berget, som ein alltid måtte gjera før.

Umogen olje
Oljeskifer er umogen olje, lagra i det organiske stoffet kerogen. Vel enkelt sagt er det petroleum som enno ikkje har sige ut av sedimenta og lagt seg i store lommer. Denne petroleumen kan skiljast ut gjennom oppvarming. Det Shell gjer, er å mogna feltet. Det som naturen treng millionar av år på, gjer Shell på tre–fire år. Prosessen er komplisert, men ved å køyra elektriske «varmeomnar» ned i berget får dei temperaturen av og til så høgt som 400 grader, og dimed vert både olje og gass trykk-koka opp mot overflata og kan hentast ut med konvensjonelle metodar. Før Shell kom på banen, var det å henta ut oljeskifer, som altså vart gjort gjennom konvensjonell gruvedrift, enormt ureinande og skapte svære sår i naturen. Oljeskiferdrift førde òg til at grunnvatnet vart ureina. Shells produksjonsmåte gjer at ein ikkje treng opna opp bakken, noko alle kan sjå med sjølvsyn, men Shell hevdar òg at metoden deira, som mellom anna «fryse­isolerer» reservoar inn bak vegger av is, hindrar ureining av grunnvatnet. Miljøvernarar er djupt usamde og hevdar at frysemetoden er altfor usikker og at ingen veit kva langtidskonsekvensane vert.

Prosessen er sjølvsagt svært energiintensiv. Shell sjølv seier at for å få opp 3,5 einingar med energi, må dei nytta éi eining med energi. Men dette er faktisk meir energieffektivt enn ein del annan oljeproduksjon, særleg ein del av metodane der oppvarma vatn vert pumpa ned i mogne oljefelta for slik å få opp meir olje, og klart meir energieffektivt enn konvensjonell gruvedrift på oljeskifer, som framleis vert driven i småskala rundt omkring i verda. Best av alt er at oljen som kjem opp, er svært lett, og den lettaste og dyraste oljen flyt opp fyrst, noko som igjen gjev rask avkastning på eventuelle investeringar. Shell påstår faktisk at dei kan produsera eitt fat olje for berre 30 dollar.

Men uavhengig av kva ein måtte meina om haldet i Shells oljeskiferprosjekt i Rio Blanco: Det er eit faktum at USA spesielt og Nord-Amerika generelt vert mindre og mindre avheng­ig av omverda for å skaffa seg fossilt brennstoff. I 2005 importerte amerikanarane over 60 prosent av oljen dei konsumerte, i fjor var det same talet 47 prosent. Kombinasjonen av meir effektiv bruk av olje, oljesand, nye kjelder av konvensjonell olje i Mexicogolfen, attåt store funn av «tight oil» (olje frå tette bergartar) og altså store reservar av oljeskifer, gjer faktisk spådomen om at Nord-Amerika kan verta sjølvforsynt, realistisk. Ei rekkje forskingsinstitutt, universitetsmiljø og einskildekspertar hevdar i fullt alvor at USA atter kan verta den klårt største oljeprodusenten i verda og med det skapa store problem for OPEC.

Kartell og kartell
OPEC er eit kartell, eit dårleg fungerande kartell, men like fullt eit kartell. Dei er dei som avgjer prisen på verdsmarknaden. Men no sit dei i eit skòrfeste. Dei står andsynes det faktum at USA og Canada, som til liks med Noreg og Russland ikkje er medlemer av OPEC, gjennom ukonvensjonelle og konvensjonelle oljereservar har potensial for å verta uavhengige av kartellet. I tillegg kjem det at delar av OPEC, særleg Saudi-Arabia, er avhengig av både amerikansk oljeteknologi og amerikansk militært vern. Dette vernet får Saudi-Arabia av di USA er avhengig av saudisk olje. Saudi-Arabia har i grunnen berre éin måte å halda oppe dette vernet på, å gjera OPEC-oljen så billeg at det ikkje vil løna seg for USA å utvinna eigne ressursar. Då talar vi truleg om ein oljepris på ned under 50 dollar, kanskje lægre. Men det igjen er altfor lågt for både Saudi-Arabia og resten av OPEC-landa. Altså: Di dyrare oljen på verdsmarknaden vert, di meir olje kjem USA til å produsera, og di meir lønsamt vert det for oljeindustrien å konsentrera seg om det demokratisk stabile USA.

I USA og Nord-Amerika vert sjølvsagt dette sett på som strålande framtidsutsikter. Ja, det ser ut til å vera eit faktum at tida med billeg olje er over med dei problema det fører med seg for oljehungrige amerikanarar, men hovudproblemet for USA er ein annan stad, nemleg at denne enorme importtrongen dei har hatt dei siste tretti åra, har skapt store ubalansar i økonomien. Alt under Reagan gjekk USA frå å vera verdas største kreditor til å verta verdas største debitor. Hovudårsaka var den fallande oljeproduksjonen. USA kunne ikkje lenger låna dei peng­ane dei trong innanlands, men måtte byrja å ty til omverda. For eit land som ikkje har balanse eller overskot i utanriksrekneskapen er eit land som tærer på oppspard kapital. Berre i år, trass i den fallande importen, har olje åleine vore årsak til 44 prosent av underskotet på den amerikanske handelsbalansen.

Vi kjem i balanse att
Edvard Morse er ein tidlegare amerikansk energidiplomat som no er sjef frå råvareavdelinga i den store amerikanske banken, Citigroup. Han trur at USA kan kutta importen sin frå ti millionar fat råolje per dag i år til tre millionar i 2020, og at den vesle attverande importen då kjem frå Canada og Mexico. «Dei to områda som har vore mest underminerande for USAs supermaktstatus, er at vi har vore så avhengige av å importera olje, og underskotet på valutabalansen», seier han til The Financial Times. «No ser det ut som vi er åt å få ei løysing på båe problema.»

No kan optimismen vera nett det, optimisme. Ting har gått gale før for USA. Men det er eit faktum at oljeproduksjonen snudde i 2009, og det jamvel om ein enno ikkje hadde fått i gang særleg produksjon av oljeskifer. Det meste av auken er frå tette bergartar (mellom anna frå skiferolje, som altså ikkje er oljeskifer, for å gjera det heile meir komplisert). Teknikkar som vert nytta til å produsera skifergass og som har vorte mykje meir effektive dei seinaste åra, kan òg verta nytta til å henta ut olje frå tette bergartar. Oljeselskapa borar stadig meir effektivt ned i bakken og knuser stadig meir berg for slik å få det til å frigjera olje. Dei offisielle amerikanske prognosane seier at produksjonen frå tette bergartar vil gå opp frå 900.000 fat per dag i 2010 til 2,9 millionar fat i 2020, som igjen svarar til halvparten av USAs oljeproduksjon i dag. I tillegg kjem altså den konvensjonelle oljeproduksjonen både til havs og på land. Og enno har ikkje USA opna opp for produksjon utanfor vest- og austkysten. Båe stader er det lovande geologiske formasjonar.

Ikkje bra for miljøet
Og for dei som er deprimerte over den canadiske oljesandproduksjonen som mellom anna Statoil er involvert i, og tenkjer på miljøet og CO2-utslepp: Alt i 2004 passerte Canada Saudi-Arabia som den største eksportøren av olje til USA. Per i dag er det å få ned handelsunderskotet med verda utanfor Nord-Amerika mykje viktigare for USA enn å berga verda på sikt. Jamvel om canadisk oljeproduksjon skaper større globale CO2-utslepp enn saudisk, vel USA av tryggjingspolitiske grunnar Canada som leverandør. National Petroleum Council i USA, ei gruppe av akademikarar, folk frå oljeindustrien og miljørørsla som gjev råd til presidenten, sa i 2007 at det var «urealistisk i framtida» å tru på auka sjølvforsyningsgrad. I september i år kom dei med ein ny rapport, i den rekna dei med at USA og Canada berre kom til å ha trong til å importera 500.000 fat råolje per dag i 2035. Rapporten vart feira som ein milepåle i historia til USA. Men ja: Det er liten tvil om at mykje av denne oljeproduksjonen er ureinande lokalt og globalt, det er likevel berre å konstatera at styremaktene i USA opnar opp for meir og meir slik produksjon.

Når det er sagt: USA vil sjølvsagt vera ein del av verdsmarknaden i framtida òg, og landet vil framleis oppleva oljesjokk og økonomiske svingingar grunna endra oljeprisar. Men om krisa eller krigen skulle koma, vil USA ikkje vera avhengig av omverda for å overleva. «Påstanden om at USA var ei supermakt i det 20. hundreåret, men ikkje vil vera det i det 21, ser ikkje ut til å halda heilt vatn», seier Morse til The Financial Times. «Berre samanlikn oss med Kina, som kjem til å vera totalt avhengig av energiimport. USA er i ein mykje sterkare posisjon.»

Nord-Amerika er elles eit satsingsområde for Statoil, som investerer stadig meir i ulike typar amerikansk gass- og oljeproduksjon.

LES SAKA I DAG OG TID!