Havstraumar forgiftar kysten

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Havstraumar forgiftar kysten

– Hovudkonklusjonen i den nye miljøkartlegginga er at Nordsjøen og Skagerrak er meir forureina enn Norskehavet og Barentshavet. Området er likevel framleis så reint at det er avgrensa fare for miljøskade dei fleste stader, seier Ellen Hambro, direktør for Klima og forureiningsdirektoratet (Klif).

Undersøkinga viser samstundes at det blir spreidd mange miljøgifter, og at sjøbotnen og fisk enkelte stader nær kysten er svært forureina, skriv direktoratet på nettsidene sine.

Ulike miljøgifter flyttar seg med havstraumar inn og ut av Nordsjøen og Skagerrak. Kvikksølv er ei av desse.

– Førebels tal tyder på at det blir transportert inn ti tonn kvikksølv i Skagerrak i året. Mykje av dette legg seg på sjøbotnen, medan noko blir spreidd vidare nordover langs kysten, seier forskar Normann Green i Norsk institutt for vassforsking (Niva).

Direktoratet fryktar at forureininga er meir alvorleg enn kva ein har rekna med.

– Vi veit at mange av stoffa er vanskelege å bryta ned og blir verande i miljøet. Dette kan betyr at Nordsjøen og Skagerrak er meir forureina enn ein tidlegare har trudd, seier Ellen Hambro.

For å bøta på situasjonen, har direktoratet sett i gang ei rekkje tiltak. Målet er å stoppa utsleppa av miljøgifter heilt innan 2020. (©NPK)