Eg’ve te Bergen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det spanande innan norsk litteratur skjer i Bergen. Så enkelt og bastant, slo haustens kanskje mest omtalte lyrikar, 26 år gamle Erlend O. Nødtvedt, fast i Dagbladet.

Med 29 av 154 debutantar er hansabyen overrepresentert på debutantstatistikkane, dei fire siste åra. Nødtvedt er ikkje åleine om å meine at grobotnen for unge med litterære ambisjonar, er ein heilt annan utanfor hovudstaden.

OSLO = «VAKSENFEST?»

– Det viste seg at Bergen vrimla av forfattarar, skribentar, litteraturstudentar og folk med seriøse litterære ambisjonar. Folk med litterære ambisjonar dreg til Bergen og noko av det som kjenneteiknar dei, er at dei er veldig dyktige.

Det seier Bjørn Aagenæs, forleggar i Kolon forlag, som spesialiserar seg på ny, norsk litteratur. Han peiker på dei unge som kjem til byen som studentar anten ved Skrivekunstakademiet (SKA) eller litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen (UiB).

Han fortel at han regelmessig reiser til Bergen på jakt etter nye, spanande stemme. Han meiner litteraturmiljøet i Oslo er fragmentert.

 – Det kan vera at heile bransjen ligg i Oslo, og at ein får fred i Bergen. Det er mogeleg at Oslo vert opplevd litt som ein fest for dei vaksne, nettopp fordi bransjen er så tilstades.

KJØPER ØLEN SIN SJØLV
Bergensforfattar Pedro Carmona-Alvarez seier at storleiken på byen truleg er ein av grunnane, til at litteraturmiljøet i Bergen har blomstra.

– Her kan ein møte på krimforfattarar og poetar som sit og skriv i hjørnet, side om side. Her er vi ikkje så opptekne av skilje. Det viktigaste er korleis du ynskjer å formidle din litteratur, seier Alvarez.

Han peikar på at folk synes det er godt å sleppe boksirkuset med festivalar og messe, som eksisterar i hovudstaden. Det faktum at heile forlagsbransjen er basert i Oslo er og viktig for å skape eit godt miljø, meiner Alvarez.

– Det kjennes friare å vera forfattar her.

Det at forlagsbransjen held til i hovudstaden gjer at det vert meir kontakt direkte mellom folk i Bergen. Dessutan er det mange fleire marknadsfolk, redaktørar og gullkort i hovudstaden. Det har vi ikkje i Bergen. Her kjøper folk sin eigen øl.

– MANGLANDE MILJØ
Redaktør for litteraturtidsskriftet Lasso, Hedda Lingaas Fossum kjente fråværet av eit ungt litteraturmiljø på kroppen då ho byrja ved UiO

. – Eg vil ikkje kalle det som eksisterte då eg byrja på UiO, for et skikkeleg litteraturmiljø. Det var ein motivasjonsfaktor då vi starta litteraturtidsskriftet Lasso, å få eit betre miljø knytt opp mot studentane ved faget.

Ho fortel at Lasso vart starta opp som eit alternativ til Bøygen og Filologen. Ettersom Bøygen berre er ope for masterstudentane på litteratur, ynskte dei å skape ein ny arena.

– Vi treng kanskje eit alternativ til eit 50 år gamalt tidsskrift, det gjev rom for nyskaping og kreativitet. Fossum trur fleire ynskjer seg eit tydlegare og sterkare miljø knytt til studiet ved litteratur.

– Det handlar om å finne fram til kvarandre, og å finne motivasjonen og ressursane til å få i gang noko.

 USAMD I SKILDRINGA
 Trygve Åslund, forlagssjef for skjønnlitteratur på Aschehoug forlag stiller seg uforståande til skildringa av litteraturmiljøet i Oslo, som svakare enn i Bergen.

 – Det er alltid mykje folk på våre arrangement, og eg tykkjer og det er veldig mange forfattarmiljø i Oslo. Det skjer veldig mykje her, seier han.

I motsetnad til kritikarane ser han på forlaga som viktige institusjonar for forfattarane og naturlege samlingspunkt.

– Vi har til dømes forfattarskulen til Aschehoug. Sidan starten for 12 år sidan har skulen hatt 70 elevar, og 20 av dei har debutert. Mitt inntrykk er at mange av desse har danna eigne omgangskrinsar, der dei diskuterar litteratur og viser kvarandre tekstar.

Han trekkjer fram Blå og Litteraturhuset, som to viktige fyrtårn når det gjeld miljø rundt litteratur. Når alt kjem til alt trur ikkje han at det er så stor skilnad mellom Oslo og Bergen.

– Mye viktigare er det at du er engasjert og vil noko. Då kan ingen ting stogge deg.      

LES SAKA I UNIVERSITAS(På bokmål)