Strøymer til sjølvforsvarskurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Per 1. november var det registrert 216 meldingar av valdtekt og valdtektsforsøk i Oslo, ifølgje Oslo Politidistrikt. Det er 50 fleire tilfelle enn på same tid i fjor.

No vurderer Studentsamskipnaden i Oslo og Akershus (SiO) å setje opp ekstrakurs i sjølvforsvar på grunn av stor pågang frå studentar. Òg Oslostudentenes idrettsklubb (OSI) har merkt etterspurnaden. På sundag arrangerer dei kurs i sjølvforsvar, alle dei 50 plassane vart rivne bort i løpet av eit par dagar.

Frykt og forfølging
Kjemistudent ved Universitet i Oslo, Camilla Schjalm, er ein av dei som melde seg på det komande kurset. Ho har merkt frykta på kroppen den siste tida.

– Å vere nabo til Sofienbergparken er ekstra ille, for der har det jo skjedd fleire gonger. Det har vore utruleg mange valdtekter no, så det er klart at eg passar meir på meg sjølv etter det som har skjedd. For litt sidan vart ein mann pågripen i bakgarden vår, etter at han skal ha freista å forgripe seg på ei jente der, seier ho.

Schjalm har òg sjølv hatt nokre ubehagelege opplevingar.

– Under ski-VM møtte eg ein mann på veg heim frå eit arrangement i byen på kveldstid. Etter at eg hadde spurt om han fann vegen heim, byrja han å spørje meg om privatinformasjon. Han følgde etter meg heile vegen heim, og då eg kom til inngangsporten der eg bor, prøvde han å presse seg inn porten etter meg. Heldigvis var det is i området, så han datt og vart liggjande langflat. Eg rekte å springe inn og låste døra, seier Schjalm.

Ynskjer fleire intensivkurs
SiO held vanlegvis eitt kurs per semester og har nettopp avslutta arrangementa til hausten. Kursa er som regel godtpåmeldt, men på grunn av valdtektsbølgja den siste tida, og stor etterspurnad, vurderer SiO no å arrangere fleire.

Direktør i Studentidretten ved SiO, Karin Herou, kan fortelje at etterspurnaden for kurset deira byrja å stige, spesielt i førre veke.

– Då vart mange av instruktørane våre spurt om generelle spurnader frå jenter og gutar, som ynskte å lære meir om sjølvforsvar, seier ho.

Kursa handlar om grunnleggjande sjølvforsvar og er laga spesielt for kvinner. Filosofien bak kurset er ei førebyggjande haldning rundt grensesetting, tydelegheit og bevisstgjering. Studentidretten har i mange år drive sjølvforsvarskurs for kvinner.

– Kor mange kurs er de kapable å setje opp viss etterspurnaden fortset å stige?

– Det vurderer vi ut ifrå etterspurnaden. Per i dag har vi tre erfarne instruktørar, men vi tenkjer på å utdanne fleire etter kvart. Vi vil gjerne få til meir intensivkurs òg, som ikkje treng å vare meir enn nokre timar.

– Ved å ta eit selvforsvarskurs, opplever ein å skape ein større tryggleikskjensle og har ein betre rusta sjølvtillit om ein skulle hamne i ein uheldig situasjon. Jenter skal kunne oppdage at dei ikkje nødvendigvis er fysisk underlegne, og at kunnskap om og kontroll over kroppen òg gjev sjølvtillit på andre måtar, seier Herou.

Paraply som reiskapar
Camilla Schjalm set pris på å få tilbod til å vere med på eit slikt kurs.

– Det er eit kjempeinitiativ av klubben, og både jentene og gutane som trenar i klubben har vore veldige positive til kurset. Gutane skal vere prøvekaninar for jentene, slik at vi får skikkeleg motstand, som i ein ekte valdtektssituasjon, seier ho.

– Vi skal lære å unngå nærkamp ved å bruke spesielle teknikkar. I tillegg skal vi handtere situasjonar som ein må vere førebudd på i det kvardagslege, som til dømes at ein kan bruke paraply som reiskapar og der ein skal sparke frå seg på overfallsmannen, seier Schjalm.

LES SAKA I UNIVERSITAS (på bokmål)!