Regjeringa sviktar born i fengsel
Barneombod Reidar Hjermann er svært uroa.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I går var barneombodet på høyring i justiskomiteen på Stortinget, og tok opp situasjonen for born som sit i fengsel i Noreg.
– Eg er svært bekymra for dei ungdomane som i dag sit i fengsel og ikkje får den oppfølgingen dei har rett til og behov for. Dette er barn som i utgangspunket har historier som viser at systemet har svikta dei fleire gonger, seier barneombod Reidar Hjermann.
– Skadd for livet
– Regjeringa har i årevis snakka om å betre fengslingsforholda for born. Dei har òg lova å skaffe alternative løysingar til fengsling av unge lovbrytarar. Medan regjeringa snakkar, blir fleire born skadd for livet i eit utilstrekkeleg omsorgstilbod bak lås og slå, seier han.
Barneombodet har lenge jobba med problemstillingar knytta til alternative straffereaksjonar for born, born som sit i varetekt, i politiarrest og born som blir til dømd soning.
Treng alternativ
Tidlegare i år sende Barneombudet eit brev om dette til justisminister Knut Storberget og barneminister Audun Lysbakken.
– Fengsling av born vil alltid vere problematisk, og ein bør alltid sjå etter alternativ. Viss regjeringa meiner at born skal sitja i fengsel òg i framtida, må tilhøva ta omsyn til behova til borna på ein heilt annan måte enn i dag, seier Reidar Hjermann.
DEBATT: Den kriminelle lågalderen er 15 år, medan stemmeretten er 18 år. Kva synst du om det?
Viss 15-åringar framleis skal kunne straffast, kva typar straff kan fungera betre enn fengsel?