Ungdommane vil også styra

Prøveordninga med røysterett for 16-åringar vart ein suksess. No vil dei unge i Luster at dette skal bli permanent.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 – Det er flott at ungdom får vera meir aktive i politikken. Ungdom er framtida og veit sjølve kva som er best for dei, difor bør dei få vera med å påverka ved valet, meiner Lasse Hærum som sist måndag var på sitt aller første møte i ungdomens kommunestyre.

 Der var han saman med mange andre spente ungdomar som skulle læra kvarandre å kjenna.

 Ny leiar

 Då vart det valt ny leiar, nestleiar, medlemmer av arbeidsutvalet og ungdomsstyret. Den nye leiaren blei Espen Sleppen Josvanger, som overtok klubba frå den tidlegare leiaren Kine Fjøsne, som har sete som leiar i tre år.

 Inn i arbeidsutvalet kom Julie Hatlevoll, Espen Sleppen Josvanger, Linda Watten og Trine Kvamme Sætherbø.

 Permanent

 – Eg har lyst til å endra ungdomen si fritid og skuletid til noko positivt og betre, seier Lasse Hærum, om kvifor han ville bli medlem.

 Han skildrar dagens ungdom som aktive og interesserte i politikk, og fortel at dei kjem med gode tips og saker som medlemmane i styret kan ta opp.

 Luster kommune var i år med på prøveordninga der 16- og 17- åringar fekk røysta ved valet, ei ordning som Hærum vonar skal bli varig.

 Bestemma

 Den nye leiaren, Espen Sleppen Josvanger, er samd med Hærum, og meiner at prøveordninga er noko som bør bli permanent.

 – Det er ingen andre enn ungdomar som veit korleis det er å vere ungdom i kommunen. Klart dei vil vere med på å bestemma korleis politikken blir styrd. Me var dei første 16–17 åringane som fekk røysta ved valet, men eg håpar ikkje at me var dei siste, seier Josvanger.

 Badebuss

 Den nye leiaren har allereie nokre saker som han meiner er viktige for Luster og lustraungdommen. Han vil blant anna prøve å forbetra ungdomens kulturmønstring, og få fleire til å stilla opp med innslag der dei kan visa talentet sitt.

Når det snart kjem badeland i Gaupne, vil han prøva, med hjelp av politikarane, å få badebussar til og frå badelandet. Det same gjeld skibussar for dei som vil på Heggmyrane og stå på ski.