Publikumsrekord på norske kinoar

Folk strøymde til Den store kinodagen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det blei sett ny besøksrekord da kinoane over heile landet hadde halv pris på billetten laurdag.

Første laurdag i november kvart år arrangerer norske kinoar kampanjen dei har kalla Den store kinodagen.

Heile 177.208 tok turen på kino for å sjå film, ta del i konkurransar og morosame aktivitetar. Dette er ein auke på 5 prosent frå i fjor.

I 2012 feirar Den store kinodagen 25-års jubileum. NPK