Ho skal leia Senterungdommen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jusstudenten Sandra Borch (23) frå Lavangen i Troms er valt til ny leiar i Senterungdommen.

Etter ein intens valkamp og eit jamt løp, vart Sandra Nygård Borch valt som ny ledar i Senterungdommen. Av 166 avlagde stemmar fekk Sandra Nygård Borch 85 stemmer og fekk med det fem stemmar meir enn motkandidaten Lars Vangen.

– Eg er veldig audmjuk med tanke på den tilliten eg har fått og det viser at eg er han verdig. Det viktigaste for meg framover vil vera å byggja ein tydeleg og profilert ungdomsorganisasjon, seier nyvalt leiar Sandra Nygård Borch i ei pressemelding.

Vil samarbeida begge vegar
Landsmøtet i Senterungdommen vedtok i dag ein resolusjon som viser ungdomspartiet er utålmodige når det kjem til å vera eit meir markant og tydeleg politisk alternativ.

– Senterungdommen meiner at vegen til vidare vekst ligg i ei tydelegare stemme for dei sentrumsverdiane som skil oss frå samarbeidspartnarane våre, står det i resolusjonen.

– Senterpartiet er eit sentrumsparti som kan samarbeida til både høgre og venstre. For at denne posisjonen skal vera relevant må me veksa utover det veljargrunnlaget me har i dag, heiter det vidare.

LES OGSÅ: Opne for å bli med i Høgre-regjering

Landsmøtet til Senterungdommen går denne helga føre seg i Hell i Trøndelag. Ungdomspartiet har i løpet av året hatt ein stor medlemsvekst, og tel no over 1500 medlemmar.

Kva meiner du blir den beste regjeringa etter 2013-valet?