Augo som ser

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka er snart kvart over tolv og det er torsdag. I auditorium fire på Dragefjellet sit kanskje 40 studentar som alle går informasjonsvitskap, salen er halvfull. Forelesninga i databasebehandling skal snart starta, og temaet for dagen er transaksjonar. Studentane har funne fram notatblokker, og sit med glovarme kaffikoppar i hendene medan dei pratar om slikt studentar pratar om torsdagar klokka kvart over tolv.

På første rad sit Magnus Kroken. Inga notatblokk, ingen kaffikopp, men ein PC med notatarka til forelesninga kraftig forstørra på skjermen. På sida står det to kikkertar, ein sølvgrå til å sjå den vesle skrifta som er prosjektert på veggen, og ein svart til å sjå dei litt større notata forelesaren gjer på tavla.

Magnus sjekkar mailen ein siste gong før forelesninga startar. Sjølv om utsnittet på skjermen er stort, bøyer han seg heilt fram til skjermen for å lesa. Så byrjar forelesaren å snakka, og Magnus lener seg tilbake. Lukkar augo til tider. Forelesaren fortel om kva som kan gå gale om to ulike brukarar les same informasjon frå same database samtidig. Magnus tek frå tid til tid opp kikkerten og les på eksempla forelesaren viser på veggen. Elles sit han roleg.

Magnus er både fødd og oppvaksen som svaksynt. Det er sjølvsagt vanskeleg å gradera, men kort fortalt ser han nok til å gå rundt omkring, men klarar ikkje å lesa skilt eller kjenna igjen dei som går forbi han.

– Eg går med stokk av og til, men ikkje for å kjenna etter kantar og hindringar. Meir for å ikkje gå på folk i store folkemengdar. Folk flyttar seg lettare då, seier Magnus.

– Det gjer seg godt på kjøpesenter på laurdagar.

Sjølv gjer han svært lite ut av synshemminga. Han har aldri hatt ei sterk erkjenning av at han faktisk er svaksynt, det har berre vore sånn, og han har aldri sagt at det er urettferdig.

– Me kallar det ikkje urettferdig. Heller irriterande eller upraktisk, seier Magnus.

Som student meiner han også det utgjer liten forskjell. Han vurderte aldri om det ville bli for vanskeleg å kombinera studiar og synshemming.

– Andre har klart det før meg, så det burde jo gå for meg òg. Ingen av undervisningsformene eg hadde i løpet av skulegangen var umogelege å følgja på grunn av synet, så eg rekna med at det ikkje ville vera det største problemet, fortel han.

Ved hjelp av eit kamera som forstørrar skrift i bøker ganske kraftig kan Magnus lesa som andre. Han jobbar rett nok ein del heimefrå sidan denne forstørringsmaskina krev litt plass, men det trivst han også best med. Ved hjelp av ein av dei tre kikkertane han alltid har med seg (ein i jakkelomma og to i sekken i tilfelle han gløymer den i jakka) får han med seg det som vert lagt fram på forelesning, og treng han å lesa på eit ark finn han fram ei lupe frå bukselomma. Ved hjelp av forstørringsprogram på datamaskiner skriv han oppgåver og eksamenar.

– Eg kunne skrive eksamen for hand òg. Det er berre det at eg gjerne endar opp på ei anna linje enn den eg byrja på, så det vert litt skeivt, forsikrar han tørt.

Dagane til Magnus startar, som for så mange andre studentar, med at han står opp litt for seint. Han bur ved Lagunen, så dei dagane han har forelesning tar han bussen til byen, går på skulen, og så heim att. Turen tek gjerne 40 minuttar i rushtida, men når ein ikkje ser så mykje treng ein litt større plass å bu på. Det blir fort dyrt i sentrum, konstaterer Magnus, og så ser han heller ikkje på det å ta buss som eit stort problem.

– Det er ein god unnskyldning for berre å sitja, seier han medan strekninga Danmarksplass til Minde sneglar seg forbi utanfor vindauget.

Vel av bussen går Magnus med stødige skritt opp ei trapp, langs ein sti på snarvegen opp mot huset. Ein stor sølepytt nærmar seg. Magnus hoppar over. Han kjenner denne løypa.

Løyper han ikkje kjenner er vanskelegare, utan at det nødvendigvis stoppar han. Magnus vil helst gjera ting på eiga hand. Han føler han lærer betre då.

– Eg likar å vita at eg kan reisa til ein stad om det plutseleg skjer noko der, så eg synst det er verdt å bruka tid på å gjera meg kjent rundt omkring, fortel Magnus.

For det meste held han seg likevel i sentrum og Fana. Der har han høvesvis studiet og heimen. Heime ventar Lise og Larissa. Førstnemnde er kjærasten og sambuaren til Magnus. Sistnemnde er ein labrador, den faste følgjesvenen til Lise gjennom to år. Lise er heilt blind.

VELUTSTYRT. For å få gjort det han skal, har Magnus alltid kikkertar og luper i nærleiken. Men lupebrillene brukar han ikkje, dei ser for rare ut. – Dei hadde vore perfekte viss eg skulle kle meg ut som galen professor på Halloween, meiner han.

Inne er det litt dunkelt, alle persienner er dregne ned. Sterkt lys forverrar synet til Magnus, pupillane trekk seg saman, og så trengst det vel strengt tatt ikkje så mykje lys i dette huset. Det er andre sansar enn synet som står i hovudsetet.

Det er ikkje så mykje anna i heimen som røper at dei som bur her knapt nok ser. Det måtte i så fall vera dersom ein opna døra på mikrobølgeomnen og høyrte at den sa: «Døren er åpen.» Eller trykte på termometeret som sa: «Sju grader celsius.» Det er over gjennomsnitleg mange snakkande maskiner i dette huset.

Sett vekk frå det er det PC-rommet som er mest avslørande. Lise les med fingertuppane når ho jobbar, på ei leselist ved tastaturet. Difor har ho like godt PC-skjermen avskrudd til eikvar tid. Som for å vega opp, har Magnus to skjermar. Den eine i normalt format, den andre forstørrar eit utsnitt. Dei heng nesten utover kanten på pulten, og er berre nokre centimeter frå nasetippen hans når han skal lesa noko.

PC-rommet er forøvrig truleg der Magnus og Lise brukar mest tid. Det er ikkje tilfeldig at det er informasjonsvitskap Magnus studerer, det er data som er den store hobbyen, og han deler den med Lise. Faktisk vil det vera korrekt å seia at paret hadde sin andre date på LAN-partyet The Gathering (TG). Magnus og Lise er begge oppvaksne i Telemark, i nesten-nabokommunane Vinje og Kviteseid, og har visst om kvarandre sidan dei gjekk på barneskulen. Men det var ikkje før på ein tur i regi av Norges blindeforbund at dei møttest på ordentleg, og seinare altså på TG.

Tidlegare var Lise også svaksynt, men det forverra seg gradvis og no ser ho ingenting. Det utgjer ein ganske stor forskjell i forhold til Magnus sin situasjon.

– Eg har større valfridom enn henne. Ho seier av og til at eg er heldig som kan gå nye plasser åleine, fortel Magnus.

Men i heimen er det Lise som styrer mest, vil Magnus hevda.

– Det er ikkje eg som heng opp bilete i alle fall. Det er det ho som ikkje ser som gjer.

Magnus meiner at Lise stort sett har ideane, og så hjelper han til. Som då ho her om dagen laga eplekake, og trong Magnus til å kutta eple. Han er òg den flinkaste til å blanda saft av dei to. Og når vegen til Lagunen er lagt om på grunn av bybanebygging, sørgjer han for at ho finn fram.

– Det er godt å ha ein Magnus, seier Lise.

Takknemlegheita er gjensidig. Det betyr ein del å vera to i omlag tilsvarande situasjon.

– Me forstår kvarandre. Ein slepp å forklara ting, seier Lise.

– Altså, me kommuniserer likt, i forhold til sebraer, som me kallar dei. Det er sjølvsagt vanskeleg for meg å seia korleis andre kommuniserer, men eg har inntrykk av at dei vil forventa meir kommunikasjon gjennom kroppspråk, seier Magnus.

– Når eg er med ho, veit eg kva som kjem fram, eg er heilt sikker på kva ho oppfattar og ikkje. Eg tenkjer at andre kanskje oppfattar meir enn eg reknar med.

Dei fleste oppfattar i alle fall at han ikkje ser like mykje som dei, meiner Magnus. Om dei ikkje oppfattar synshemminga, seier han heller ingenting.

– Ikkje fordi eg vil skjula det, men eg finn det ikkje naturleg. Sjølvsagt, om eg spør om hjelp til ting dei fleste reknar med å klara sjølv, forklarar eg kvifor eg treng hjelp.

I det store omgås Magnus likevel kanskje helst andre synshemma. Både han og Lise er engasjert i Norges blindeforbund, der Lise har jobben sin, og Norges blindeforbunds ungdom, der Magnus har hatt styreverv.

– Det er fint å jobba politisk for sin eigen del. Det vert veldig motiverande.

Også i framtida håpar Magnus å kunna jobba med problemstillingar som er relevante for han sjølv, aller helst kombinert med den andre interessa; data. Som med å tilretteleggja nettsider for synshemma.

Med såpass mykje engasjement i miljøet rundt blindeforbundet, har Magnus valt vekk ein del av studentlivet; det å engasjera seg på universitetet eller i studentorganisasjonar.

– Det går også litt på det med kommunikasjon på same premiss. Om eg skulle vore i ein utelivssetting, på ein pub, ville eg mista oversikta over kva som skjer og kven som er kvar, fortel Magnus.

Difor går ikkje Magnus og Lise på byen på kveldstid.

– Me har det greitt her heime me, seier Lise.

Men for å ha det på det reine: Det er ikkje det at Magnus ikkje kan vera med. På same måte som han aldri vurderte det som for vanskeleg å studera. Eller på same måte som han utfordrar seg sjølv til å finna fram plassar han ikkje har vore før. For synshemming eller ei:

– Eg kan gjera kva eg vil. Det er heile poenget.

LES REPORTASJEN I STUDVEST!