Å danse tango med døden

Britt Mari Engeskar
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Døden, kva skal eg eigentleg meina om den? Er døden eit massivt svart hol som sluker deg og tek deg med vidare til evigheita? Flyr dei døde ute i universet, mellom stjernene og planetane? Befinn dei seg på ei grøn eng der kyr med englevinger beiter? Er “himmelen” her og nå, til dømes i armkroken på ein du elskar? Er det på ei mjølkekvit sky saman med Gud? Eller går sjelen til grunne saman med kroppen din – fortært av kjøttetande makk, larver og biller?

Det einaste som er sikkert med livet me lever, er at me skal dø. Når, korleis og kvar er uklart, men alle veit at dei ein gong skal døy. Døden er likevel noko me skyv unna oss med begge hender i eit krafttak for å prøva å få han på avstad. Døden er noko som finn stad i andre verdsdelar, kontinent, land og byar. Døden er noko som finn sted i Israel, Irak, Libya og Japan. Og ikkje minst på sjukehuset, milevis borte frå livet. Døden er ikkje noko me delar med andre, men noko me prøver å skjule hardast mogleg. Når døden intreff, og kroppen vår døyr, døyr sjela vår samtidig? Eller er kroppen vår berre ein midlertidig bolig for sjela? I Henrik Wergeland sitt dikt “Til Min Gyldenlak” flyr sjela fri ut av vindauget då hovudpersonen i diktet døyr.  Eller er dette det som kjem til å skje med sjela mi når eg døyr? Er det slik som humanetikarane påstår – at me ikkje har ei sjel som eksisterer uavhengig av kroppen?

I antikkens gamle Roma vart det kviskra “memento mori” i øyret på triumferande krigarar for å minna dei på at dei ikkje var gudar. “Momento mori” tyder “husk, du skal døy”. På denne måten vart sigerherrane minna på om at sjølv om dei var sigerherrar den dagen, kunne dei likevel vera borte før soloppgangen speglar seg i vatnet. I Vesten i dag er det mange som styrer unna å snakka om døden. Me gjer absolutt alt i vår makt for å hindra møtet med både vår eigen og andre sin død. Eg lurer på – er døden det vestlege samfunnet sin største tabu? Nokre prøvar iherdig å utsetja døden, anten det er med ein operasjon der ein får nye organ, eller ein knaskar pillar. Andre igjen trenar og et sunt. Nokre igjen prøvar å innhente døden – ca 800 000 nordmenn røykjer. Har alle desse eit sultande eller eit umedvite dødsønske?

Eg likar å tenkje over eksistensielle spørsmål. Kven er eg eigentleg? Kven vil eg vera? Kva er meininga med tilværet eg har på jorda? Det ligg også heilt naturleg for meg at eg funderer ein del over den store døden. Når eg tar opp temaet med familien min på seks, er pappa den fyrste som spring ut av rommet, mens mine tre yngre sysken trekkjer på skuldrene og drar tilbake til playstationen si verd. Mamma derimot – ho delar gjerne erfaringar frå då ho var lita og far hennar døydde. Men me snakkar aldri om kva som eigentleg skjer etter døden, det snakkar me aldri om. Kvifor kan me ikkje snakka om dette? Døden er heilt naturleg. Døden gjer vondt, anten du døyr i smerte eller du årfører andre smerte gjennom din eigen død. Døden kjem til å ta alle ein dag. Kvifor kan det ikkje vera slik at me ikkje kan snakka om det som vert vår felles skjebne?

Eg er døypt og konfimert, men ettersom eg voks opp i eit kristent samfunn, kjenner eg på kroppen at Gud, Jesus og Den Heilage Ande vart regelrett pressa ned halsen på meg gjennom salmar og bøn. Eg har funne ut at eg ikkje er interessert i å be kveldsbøn, hjelpe til på søndagsskulen og lese Bibelen opp og ned. Eg fann min veg i musikken – svartmetallen og tek ikkje lenger det som står i Bibelen for god fisk.  I Bibelen står det at; "Jeg er oppstandelsen og livet, den som tror på meg, skal leve om han enn dør. Og hver den som lever og tror på meg, skal aldri i evighet dø." (Joh 11,25-26). Kvifor kjem Jesus med så kraftige påstandar om seg sjølv? Eg har forståing for at dei som fekk dette med seg hadde store problem med å svelgje det. Har han gløymt at alle menneske skal døy? Er ikkje døden eit av dei største uhyra me har, som slumrer under senga vår og ventar på å hoppe fram og ta eit dødleg jafs? Bibelen er krystallklar; “Vi skal alle dø.” Det som irriterer meg, er dogmet heile kristendommen står og fell på – det er trua på at Jesus stod opp frå dei døde. Overvant han då døden? Viss alle menneske på jorda skal døy, korleis er dette då mogleg? Og sidan det vert sagt at Jesus både var Gud og menneske, mest menneske –  korleis overvant han då den store døden?

Verdssamfunnet består av fleire religionar og livssyn enn kristendommen og humanismen. I dei austlege religionane trur dei på reinkarnasjon – at me vert gjenfødt. Så viss eg oppfører meg som den største drittsekken nokon gong, syndar og trossar Gud sin vilje – vil er då bli reinkarnert som ei jødselbille? Livet me lever på jorda er kort. Sidan er eg fødd og oppvokst i Noreg, har eg eit problem med å sjå kvifor me skal følgje andre reglar enn Noregs lover og Kardemommeby-lova. Bremsar det ikkje mennesket sin fridom viss me skal leva til punkt og prikke etter ei spesifikk bok som er skriven ned i ein historisk situasjon fjernt frå oss? Sidan verda er berika med ulike religionar og livssyn – skal eg setja meg inn i naturreligionane? Skal eg vera redd for å gå ein tur i skogen i fare for å trø på ein blomst eller ein busk?

Kva skal ein ungdom då gjera – på jakt etter eit liv med meining? Er det noko poeng å tru? Er det noko poeng i det heile tatt å leva, sidan me alle skal dø? Kva for ein religion passar til ein ungdom frå Vesten? For i vår moderne, vitenskaplege verd er det  kanskje ei fornya interesse for religion og åndelege fenomen, men ikkje hjå ungdom eg ser vandra i gongane på skulen. Er religion blitt for umoderne for oss høgteknologiske ungdommar?

Eg veit at “mannen med ljåen” påverkar måten me lever på.  Det siste hundreåret har me prøvd å ta livet av døden. I mangfoldige år var døden synleg – det var ein sentral del av livet, anten det var hjemme, i det offentlege rom eller undervegs i livet. Døden kom av mange ulike årsaker, mangelfull hygiene, svolt, feil kosthald, krig, aldring og katastrofar. I dei siste tiåra har døden blitt sjukemeldt og flytta på institusjon. I Vesten brukar me fleire milliardar kroner på å bekjempa den, fortrenga den og lata som den ikkje finn stad, spesielt mot dei me bryr oss om eller oss sjølv. Før i tida hadde mennesket erfaring med døden. Den inntraff heime, og liket vart heimeverande fram til begravelsen. I dag er det mest ingen ungdommar eller vaksne som har sett ein død person. Eit lik vert stua bort på kjølerommet, deretter sett langt ned i jorda for å råtne og bli til jord. Mennesket vert fødd, veks opp, aldrast og til slutt så dør det. Som ein naturleg følgje av døden sin død dør me, og det er dette me fortrenger meir enn me anerkjenner den. Eg undrast – kvifor er det eigentleg sånn? Kanskje det største håpet er at me skal bli sakna når livet tek slutt og at du blir ein del av minnet til dei som lever etter deg?

Å føla seg lukkeleg, i periodar, er heilt essensielt viss ein skal leva eit godt liv. Eg er sikker på at uansett kven du spørr, uansett kor vedkommande kjem i frå, er lykke eit mål. I ein artikkel om positiv psykologi beskriv Martin Seligman kva han meiner skal til for å leva eit lykkeleg liv.  I grove trekk innebær det å leva eit morosamt, godt og meiningfylt liv og ikkje minst finna ein balansegang mellom desse elementa. Korleis skal eg klare å balansere skulegang, vener og familie? Når hormonene rasar som Tor med hammaren i kroppen min – korleis skal eg då klare å få ein balansegong mellom desse?  Kva med Horatious si oppfordring “Carpe Diem”, som tyder at ein må gripe dagen og ikkje stola på den neste som kjem. Korleis skal eg gripa dagen? Skal eg ta kvelartak på den? Tyder dette at eg ikkje skal gjera leksene mine fordi eg burde bruka tida mi på noko heilt anna sidan morgondagen kanskje ikkje kjem? Korleis skal eg “leva i nuet”, samtidig som eg går på skule, har eit sosialt liv og ein familie som treng merksemd? Viss eg hadde hatt valet og pengane ikkje hadde stoppa meg, hadde eg gått på konsertar, hoppa i fallskjerm, tatovert meg og kjøpt med motorsykkel. Korleis kan ein fattig student gripa dagen når kvardagen er full av utfordringar som den er? Er det meininga at eg skal gjera det beste ut av det? Vert det betre for meg å døy om eg har hatt eit lukkeleg liv? Og viss me avviser tankane om at me har ei sjel som på ein måte sikrar vår eksistens etter døden – klarar me då å føle at livet er fullverdig? At det har eit formål? Eller kjem då tomheita og meiningsløysa som ikkje noko Disneyland klarer  å fortrenga?

Det å huska at du skal døy er skummelt for dei fleste. Det er derfor mange søkjer ly hjå religionar for å finna svar på eksistensielle spørsmål, få tryggleik og vita kva som faktisk skjer med oss når me døyr. Me kva viss ein finn alt dette meiningslaust? Kva om ein har leita, men aldri funne noko tilfredsstillande svar? Korleis skal ein då takla tanken på at ein faktisk skal døy? Skal ein leite på internett etter svar, eller høyra etter svar i musikken? Og viss ein finn eit svar, og det svaret lyd som “carpe diem” – korleis skal ein då gå fram? Eg skal huska at eg skal døy. Eg vil oppleva det heile deprimerande, men er ikkje det ei realistisk innstilling? Viss du har kjent ekte botndjup sorg, så er det heilt naturleg. Eg er faktisk litt meir redd for å fortrenge døden og det den fører med seg. Eg er som andre ungdommar – eg saknar fortida, fryktar framtida og lever i noko heilt anna enn nåtida. Burde me dansa tango med døden i staden for?