Uføre kan få meir enn dei som jobbar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Uføre kan få meir enn arbeidande

Yrkesorganisasjonenes Sentralforbund er uroa for at folketrygda kan bli for god for uføre, og at fleire vil søkje uføretrygd. Dei ønskjer å stramme inn ordninga før den trer i kraft.

– Vi er redde for at det skal bli fleire uføre dersom uførepensjonen blir så god at ein kan «velje» det i staden for å halde fram å jobbe, seier YS-leiar Tore Kvalheim til NRK . Han fryktar pensjonsgapet skal bli for stort.

Leiar for Akademikerne, Knut Aarbrekke, avviser at den nye pensjonsreforma er problematisk.

– No er det slik at vi kan lage eit sikkerheitsnett som gjer at dei som ikkje lenger kan jobbe og som blir uføre må ha ei anstendig løn å leve av. Ein ønskjer jo ikkje å bli ufør, noko som er ganske stigmatiserande. Så eg trur samfunnet har råd til å betale dei 30.000 kronene, seier han. (©NPK)

Bør ein kutta i uføretrygda? Eller er det andre måtar som kan stimulera til at fleire står i arbeidet?