– Norske lærlingar kan ikkje nok

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Årsaka skal vere at lærlingane ikkje kan nok.

Bedriftene i Byggenæringens Landsforbund (BNL) pleidde å ta opp nærare 70 prosent av lærlingane i bransjen, men no meiner arbeidsgjevarane at yrkesopplæringa er rasert og seier nei takk til norske lærlingar. I fjor forsvann 700 lærlingplassar, skriv Klassekampen.

– Fagutdanningane er i dag sydd saman etter heilt andre behov enn dei næringa har, seier kompetansedirektør Jørgen Leegard i BNL.

Han meiner årsaka er innføringa av Kunnskapsløftet i 2006 der dei fleste yrkesfaga vart endra slik at ein har færre, men breiare studieprogram. Det første året lærer elevane «litt om alt», medan spesialiseringa først startar seinare. Det er kjernen i problemet, ifølgje Leegard.

– Skal du bli ein god røyrleggjar må du drive med det frå dag éin. Til og med fire år er ikkje nok for å fordjupe seg i eit fag, meiner han.

BNL har no sendt eit brev til Kunnskapsdepartementet der dei ber om omfattande endringar. Også Fellesforbundet er uroa. (©NPK)

Kva meienr du bør gjerast med fagopplæringa?