Dykka for rekord

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ved båthavna på Ylvisåker var ein gjeng frå Sogndal Dykkarklubb og Sjøspretten (studentane ved Høgskulen i Sogndal si dykkargruppe) samla for og freista med eit verdsrekordforsøk torsdag kveld.

Det går ut på og samle flest muleg dykkarar til nattdykk.

Klokka 20.11
Det heile er koordinert med fleire dykkarklubbar rundt om i verda. I løpet av døgeret skal dei gå under vassflata kl. 2011, klokkeslettet er gjort enklast opp mot årstallet. Det er mest praktisk når ein skal koordinere heile dykkarverda til og hoppe i sjøen og foretar eit felles dykk.

– Målet er i hovudsak og ha det moro i eit supert miljø. Me har sjanse til og vise verda kva for ein flott hobby dette er, og at ein forhåpentlegvis kan trigge fleire til og bli medlemmar. Også dette med og syne at ein ikkje treng sol og sommar for slike aktivitetar, seier Tommy Lidal frå Leikanger.

Vente i spenning
– I og med at me må følge datoen så veit vi ikkje om det held til ny rekord. Me må nok smørje oss med tolmodigheit til heile verda har passert datolinja, og opptellinga er endeleg, seier Lidal frå Leikanger.

LES SAKA I SOGN AVIS!