Drillo forklarar filosofien sin

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg prøver å forklare kvifor eg meiner det er meir effektivt å spele ballen framover enn bakover, og eg vil vel seie at boka er for dei som er litt i overkant fotballinteresserte, seier Drillo til NTB.

Boka gir eit godt bilde på kva som går føre seg i hovudet til Drillo både før, under og etter kampane. Han forklarar mange av vala sine med landslaget, og boka forklarar også på mange måtar den suksessen Drillo har hatt som landslagssjef i to periodar.

Soneforsvar
Han fortel om innføringa av soneforsvar, som var det nye han kom med som landslagssjef i 1990. Etter kvart kom langpasningen, som førte til at Drillo-stilen vart eit skjellsord. Men det gav resultat.

– No er fokus mykje meir på angrep, men vi slepp inn lite mål, berre 0,8 per kamp, og det er i verdsklasse, skriv Drillo i boka.

Taktikk for ungar
Han meiner at ungar bør begynne å bli innstilte på taktikk og taktiske disposisjonar når dei begynnar med 11-ar fotball, men har likevel ikkje noko klart fasitsvar på når trenarane skal begynne å reindyrke innføringa av taktikk for unge spelarar.

– Ungane veit jo tidleg kvar målet står, og då er det viktig å fortelje dei at det gjeld å føre ballen mot mål, seier Drillo.

Han er hjernen bak den nye boka, men det er Odd Harald Hauge som har ført ho i pennen. Hauge er ingen fotballekspert, men han har stor fotballinteresse, og det gjer boka interessant for dei fleste. (©NPK)

Kva tykkjer du om fotballfilosofien til Drillo?