Skrivekonkurranse for ungdom
Korleis bør ungdom få meir makt over eigen kvardag? Framtida.no lyser ut skrivekonkurranse for elevar i vidaregåande og ungdomsskule med temaet "Makt over eiga framtid”.
													
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
	Tips til tema å skrive om:
	– bør 16-åringar ha stemmerett?
	– får du makt gjennom å nytte stemmeretten?
	– korleis kan ein påverke gjennom ungdomsråd eller medlemsskap i parti og organisasjonar?
	– kva med dei som ikkje blir høyrde?
	– korleis har du makt over eige liv?
	– er ungdom mindre engasjert enn andre aldersgrupper?
	– kva er makt for deg?
	… eller noko du sjølv kjem på, så lenge det går inn under temaet “Makt over eiga framtid”
Skriv til oss om kvifor meiningane dine bør høyrast!
	Sjanger: Artikkel, kronikk, kåseri eller petit
	Lengde: Maks 3500 teikn (inkl. mellomrom), men gjerne kortare!
	Premie: 1. premie: 5.000 kroner, bokpremiar til 10 utvalde.
	Aldersgrense: under 20 år
	Frist: 12. januar 2012
Teksten din kan du sende inn her på Framtida.origo.no!
Er du lærar? Sjå også Lærarsona vår!



