Birken på 1 minutt og 37 sekund

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det tok berre 1 minutt og 37 sekund før Birkebeinerrennet 2012 var fullteikna.

I fjor vart skirennet fullteikna på 18 minutt. Den rekorden blei knust i år. Rennet vart fullt på litt over eitt minutt. Få minutt etter at alle plassar var rivne bort var det nesten 4.000 ivrige skiløparar på venteliste.

Arrangørane er letta over at alt det tekniske verka som det skulle, og dei er sjølvsagt glade for populariteten til rennet.

– Vi var spente på førehand, og tenkte at det kanskje ville bli ny rekord. Men at det skulle går så fort hadde vi ikkje trudd, seier kundeansvarleg for Birkebeinerarrangementa, Randi Bolstad, til NRK.

Birkebeinerrennet i 2012 går av stabelen laurdag 17. mars. I alt 16.000 løparar deltek. (©NPK)