Kjempar om leiarvervet

Marit Lajord
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter helga heiter leiaren i Senterungdommen anten Sandra Borch eller Lars Vangen.

Sjølv om begge vil ha lyntog og like mange kommune som i dag, er ikkje jusstudent Sandra frå Lavangen i Troms og økonomistudent Lars frå Finnøy i Rogaland einige om alt.

Kva vert dei tre viktigaste sakane for deg som leiar av Senterungdommen?

Sandra:
– Den viktigaste saka for meg, blir heilt klart å få fram att sentrumsprofilen vår. Senterungdommen og Senterpartiet lyt attende til sentrumsverdiane, og slå fast at vi framleis er eit sentrumsparti med eigen sentrumsideologi.
– Så ynskjer eg å få fokus på det lokale næringsliv, som skapar verdiar, aktivitet og positivitet. For å klare det, må vi legge til rette for at små bedrifter skal kunne overleve. Ei sak som vert svært viktig dei kommande åra er miljøpolitikk, vi må finne alternative energikjelder og i større grad satse på fornybar energi. Og vi må få verda med på våre tankar om ei fornybar verd.   

Lars:
– Det er Senterungdommens styre og landsmøte, som avgjer kva eg skal lyfte fram som leiar.
– Men tre saker som betyr noko for meg er: klima, ungdom i etableringsfasen og ein betre ruspolitikk.
– Klima fordi vi er nøydde til å gjera noko dersom vi ikkje vil at ungane våre skal få trøbbel. Ungdom fordi mange opplever vanskar med å etablere seg. Ruspolitikk fordi den problematikken er rota til mykje kriminalitet, og store kostnader for samfunn og einskildpersonar.     

Kven er den typiske Senterpartiveljaren, som stemmer noko anna i dag?

Sandra:
– Etter 6 år i regjering kan regjeringsslitasje gjere at profilen vår blir svakare, derfor kan det vera at typiske Sp-veljarar stemmer noko anna. Vi må derfor skjerpe profilen vår nå, og bli tydelegare.

Lars:
– Det er alle dei som bor i tettbygde strøk og byar, men er opptekne av verdiar, miljø og bærekraft.

Kva politikk skal skaffe dykk veljarar i regionsenter og byar?

Sandra:
– Ein godt forankra sentrumspolitikk som tek det beste frå den blå og den raude sida, og omformar det til ei løysing på midten.
– I tillegg skal Senterpartiet bli næringspartiet, vi skal vise at vi ynskjer verdiskaping over heile landet. For å få kunnskap og utdanning til det, er det viktig med sterke og kvalifiserte universitet og høgskular.

Lars:
– Vi må vera flinkare til å tydeleggjera den grøne profilen. Det er ikkje først og fremst politikken som lyt endrast, men måten vi pratar på og kva ord vi bruker. Vi må vera tydelegare på kvifor dei dreg fordelar av vår politikk.

Kor mange kommunar bør Noreg ha i framtida?

Sandra:
– Eg er fornøgd med talet på kommune slik det er i dag, men om kommune ynskjer og slå seg saman, ser ikkje eg noko problem med det. Det som er viktigast, er at slike avgjerde vert take av dei det gjeld.

Lars:
– Eg er fornøgd med dagens tal. Dersom folk skal kunne bestemme meir over eigne liv, så må dei styrande organa vera nære.

Kva meiner du om oljeboring i Lofoten og nye områder?

Sandra:
– Eg har ikkje take stilling til oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Det kjem heilt an på kunnskapsinnhentinga, men i den debatten er det viktig å få all kunnskap på bordet, slik at vi kan fatte ei avgjere basert på fakta.
– I forhold til nye område, meinar eg Noreg som ein så stor energieksportør, skal opne for nye felt. Det handlar om at verda treng energi, og at alternativet til norsk olje og gass er mykje meir miljøskadeleg. Til vi har den kunnskapen og teknologien, som skal til for å få oss til å leve i ei fornybar verd, så meiner eg at olje og gass vert viktig.

Lars:
– Eg vil ikkje opne for oljeboring I Lofoten og Vesterålen.
– Eg er ikkje mot olje,  men skulle ynskje vi brukte meir ressursar på å satse grønt og fornybar. For framtida vert skapt no. Det vil og vera god samfunnsøkonomi, då det er liten tvil om kva som vil vera lønsamt om nokre tiår.

Kva er viktigast? Lyntog eller fleire motorvegar?

Sandra:
Lyntog er viktigast med tanke på å legge til rette for miljøvennlege reisemåtar. Men tog gjennom heile landet er og viktig, då også til Nord-Noreg.

Lars:
Begge delar er viktig. Men dersom eg må velje, seier eg lyntog. Det vil gje moglegheiter ein aldri før har sett. Både når det gjeld jobb, og bår det gjeld bustad.

Kva bør Noreg gjera med EØS?

Sandra:
– EØS er i utgangspunktet positivt. Det er viktig at vi handlar med EU, men EØS har vorte veldig mykje meir enn ein handelsavtale. Vi innfører mykje av politikken til EU, som nordmenn er ueinige i. Derfor må Noreg stille tøffare krav, og EØS-avtalen må forandrast på mange område.

Lars:
– Avslutte avtalen. Tida er moden for å sjå på nye måtar og samarbeide med dei europeiske landa, utan EØS og EU

Kven er ditt politiske førebilete?

Sandra:
– Bestefar, som alltid er ein god rådgjevar og støttespelar. Som gamal lokalpolitikar, var han inkluderande i sin veremåte og hadde autoritet utan å vera autoritær.

Lars:
– Åslaug Haga for framtoninga hennar, og Anne Enger for evna hennar til å mobilisere.

LES OGSÅ: – Ikkje berre traktor

Kva gjer deg til ein god leiar og ungdomspolitikar?

Sandra:
– Eg er ein leiartype som er oppteken av å inkludere alle, vera open og ha stor takhøgd når det kjem til politiske meiningar.
– I tillegg til å ha ei god dose politisk erfaring, har eg vore leiar av eit lokallag og eit fylkeslag.

Lars:
– Eg er ærleg og uredd. Sjølv meiner eg at eg vil kunne samle organisasjonen, samstundes som eg kan appellere til nye veljarar.

Faktaboks

Senterungdommen
–  Ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet
–  Etablert i 1949, som Bygdefolkets Ungdomsfylking
–  Leiar: Johannes Rindal
–  Politisk nestleiar: Lars Vangen
–  Organisatorisk nestleiar: Sandra Borch
–  Om lag 1000 medlemmer