Eg gleder meg til år 2022

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Eg gler meg til år 2022

Sterke krefter i idretten vil altså søke om OL i Oslo i 2022. Det mest gledelige med dette, er at det er såpass lenge til 2022 at vi kanskje kan rekke å komme oss gjennom alle diskusjonane ein må gjennom før eit eventuelt OL på norsk jord.

Ein diskusjon kom som venta med ein gong: Kvifor Oslo? Kvifor ikkje Tromsø?

Fint. Så er vi ferdige med den, og kan gå kjapt vidare til resten:

Kvifor Oslo? Kvifor ikkje Fåvang?

Kvifor Oslo? Kvifor ikkje Stathelle?

Kvifor Oslo?

Kvifor ikkje Ørland? Ørland har vist at dei kan arrangere delfinalar i Melodi Grand Prix, kvifor skulle dei ikkje også kunne arrangere OL?     Kvifor vinter-OL? Kvifor ikkje bridge-VM?

Kvifor vinter-OL i Oslo? Kvifor ikkje sjakk-EM i Bodø?

Kvifor OL i Norge? Kvifor ikkje sleppe til andre land?

Har ikkje idretten eigentlig blitt ganske kommersiell no for tida?

Har ikkje idretten eigentlig eit uheldig fokus på dette med å vinne?

Burde vi ikkje heller arrangere eit billig OL for folk som ikkje er så gode?

Er ikkje eit vinter-OL i Norge ein hån mot alle dei som ikkje går på ski?

Kvifor bruke pengar på OL? Kvifor ikkje på eldre og sjuke?

Kvifor bruke pengar på OL når det finst eldre og sjuke friteatergrupper som går for lut og kaldt vatn?

Kvifor bruke pengar på OL i Oslo når det finst eldre og sjuke sjakk- og bridge-folk i Bodø og Fåvang?

Kvifor gå på ski når det er krig i verden?

Kva med miljøet?

Kva med klimaendringane?

Er vi i det heile tatt sikre på at det kjem til å vere vinter i Norge i 2022?

Har det norske sjølvbildet eigentlig godt av eit slikt arrangement?

Kven skal lage opningsseremonien?

Og kvifor akkurat ho/han?

Det finst då så mange andre talent her i landet som aldri slepper til?

Kven skal lage logo og medaljar og antrekk?

Og kvifor akkurat dei, når det finst designarar som går for lut og kaldt vatn i bridge- og sjakkmiljøet i Bodø og Fåvang?

Kva med breiddeidretten? Folk flest deltar ikkje i OL.

Kva skal eigentlig bob-banen brukast til etter OL?

Kvifor skal ein alltid legge slike store arrangement til Holmenkollen på Oslos beste vestkant? Er det ikkje snart på tide Austkanten får noko?

Kvifor ikkje ha OL i Bjørvika? Med ein flunkande ny hoppbakke og langrenn på operataket?

Eller endå betre: Kvifor ikkje vedta OL i Bjørvika, utlyse ein arkitektkonkurranse om ny hoppbakke, kåre ein vinnar, ombestemme seg, ombestemme seg ein gong til, ombestemme seg endå ein gong og så ende opp med å pynte litt på Holmenkollbakken i staden?

Kvifor ikkje gjenbruke hoppbakken frå OL som nytt Munch-museum?

Eller endå betre: Kvifor ikkje vedta å gjenbruke hoppbakken frå OL som nytt Munch-museum, og så ombestemme seg når ein oppdagar at hoppbakken er både høg og skeiv?

Kvifor arrangere OL når alle veit at det eigentlige poenget med eit slikt arrangement berre er at Stoltenberg skal flotte seg og stille kongen i skyggen? Stoltenberg kjem til å dele ut alle medaljane, bygge ein tribune for seg sjølv på alle arenaene og be kongen halde seg heime.

Er det verkelig nokon som trur det er tilfeldig at vinter-OL 2022 skjer samtidig med kongens 85-årsdag? Er det ingen grenser for kva Stoltenberg vil gjere for å audmjuke kongen?

Kvifor ikkje gjenbruke hoppbakken frå OL som representasjonsbolig for statsministeren? Så kan han sitte der høgt heva over folket og le av kongen?  Kvifor ikkje gjenbruke hoppbakken frå OL som representasjonsbolig for statsministeren, og så kan den tidligare boligen til statsministeren brukast til senter for eldre og sjuke designarar og bridge-entusiastar frå Fåvang?

Kvifor ikkje?

Denne artikkelen stod først på trykk i Aftenposten.