Norskifiserer Halloween

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Seniorkonsulent ved Universitetsmuseet i Bergen Eli Økland Hausken har dei siste åra arrangert halloweenfeiring ved Dei kulturhistoriske samlingane ved Universitetsmuseet. Den 31. oktober mellom klokka 18.00 og 21.00 ventar ho rundt tusen deltakarar til feiringa.

– Det me har sett, er at halloween på eit vis har teke over eller endra våre eigne julebukktradisjonar. No går dei «trick or treat»- runde i staden.

For folk flest er halloween ein amerikansk tradisjon der barn er sentrale i feiringa. Dei kler seg ut i skumle og morosame kostyme og bankar på dørene til alle i nabolaget for å få godteri. Dersom dei ikkje får, gjer dei ein rampestrek. Det blir kalla ein «trick or treat»-runde. Omgrepet er omsett med «fanteri eller godteri», medan teikneserien Nemi brukar «digg eller deng», skriv Universitetsmuseet i Bergen på sine nettsider.

Ny tradisjon
Heller ikkje i USA er denne forma for feiring særleg gammal. Ein kan spore tradisjonen tilbake til mellomkrigstida. Då skapte mange av rampestrekane vanskar, og på 1930-talet diskuterte dei korleis dei skulle bli kvitt problemet.

– I byrjinga var tradisjonen veldig påverka av den amerikanske måten å feire på. No ser me at nordmenn gjer det til si eiga feiring. Dette har skjedd sidan midten av 2000-talet, held Hausken fram.

Ved Universitetsmuseet i Bergen har dei feira halloween sidan 2006, då dei møtte store protestaksjonar.

– Me fekk sterke reaksjonar mellom anna frå Barnevakten, som var ueinige i at me skulle feire halloween på grunn av tema som liv og død. Dei meinte også at me burde konsentrere oss om norske tradisjonar, men kva tradisjon er eigentleg norsk? spør ho.

Feiring for barn
Barna står sentralt i halloweenfeiringa, men også vaksne tek del.

– Me ser at barna har det veldig gøy og vaksne arrangerer ofte sine eigne feiringar. For på kva andre dagar kan du smørje deg inn i griseblod og ta på deg grufulle kostyme i kontrollerte former?

Ho fortel at dei under arrangementet sitt gir folk moglegheita til mellom anna å dyppe hendene i drit og lort.

– Eller dei kan gå på sårverkstad, og dei kan lese skumle bøker, fortel Hausken.

Keltiske tradisjonar
Feiringa har, ifølgje litteraturen, røter i gamle keltiske tradisjonar, og for mange er halloween ein folkeleg versjon av allehelgensdag. Men bak sjølve dagen finn me restane av eit gammalt nordeuropeisk ritual, og namnet halloween kjem av «All Hallows Eve», som då er kvelden før «All Hallows Day», på norsk allehelgensdag. Dagen høyrer heime i den katolske helgenkalenderen, den 1. november.

Men seniorkonsulenten ved Universitetsmuseet ser få likskapar.

SEND INN BILETE FRÅ HALOWEEN HER!

– Eg vil seie det er liten samanheng mellom desse dagane, seier Hausken.

Til eit lite stykke inn på 1800-talet var dagen ein heilagdag. Difor kan det sjå ut som halloween er ei folkeleg utgåve av allehelgensdag, men mange set også dagen i samband med det gamle keltiske ritualet «samhain», som markerte overgangen til den mørke halvdelen av året, står det i boka «Årets ritualer, fester og merkedagar» av Helene Næss.

I boka står det vidare at vinteren vart rekna som ein særskilt farleg del av året. Skiljet mellom menneske- og åndeverda var øydelagt, og ånder og demonar kom lett inn til menneska. Keltarane ofra mat og kanskje også menneske for å blidgjere åndene.

Allehelgensfeiringa handlar om opninga mellom levande og dei døde, og den katolske skjærselden mellom denne verda og det evige liv.

I Den norske kyrkja i dag er allehelgensdagen ei feiring av alle avlidne kristne. Og dagen handlar ikkje om skrømt eller døde menneske som går igjen, slik som halloween, skriv Bibelselskapet på nettstaden Bibel.no. (©NPK)

Kva synst du om Halloween-feiringa?