Har ikkje peiling på økonomi

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den finansielle kompetansen er altfor låg i befolkninga, og verst er det blant den yngre garde som skal ta viktige avgjersler om lån og investeringar, skriv Sparebankbladet. Og den yngre delen av befolkninga veit minst, ifølgje forskar Ellen Katrine Nyhus.

– Dette gjer dei sårbare og utsett for uheldige val når det gjeld låneopptak. Det kan svekkje den økonomiske situasjonen i langt tid framover, seier Nyhus, som er førsteamanuensis ved Universitetet i Agder og har forska på økonomiforståing- og åtferd i mange år.

Ho har forska i lag med Christian Poppe frå Statens institutt for forbruksforsking. Ifølgje forskaren er kunnskapsspørsmåla relativt enkle, som til dømes å velje riktig definisjon for nominell og effektiv rente. I forskinga har berre ein av to riktig svar på begge spørsmåla, og to av ti gir gale svar på begge.

– Eg er overraska over at ikkje fleire klarer å svare riktig på dei, seier Nyhus og legg til:

– Den mangelfulle kompetansen fører til ein stor risiko for at fleire tek dårlege og dyre økonomiske val.

Nyhus meiner skulen bør gi barn og unge ei grundig opplæring i personleg økonomi. (©NPK)

Blir det undervist for lite om økonomi i skulen?