Dette er ulovleg bruk av ljos

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Og feilbruken av grøfte/tåkeljos er eit aukande problem. Det er erfaringar som Dag Rykkje og andre kontrollørar i Statens vegvesen på Voss har gjort seg når dei har vore ute på kontrollar.

– Dei små ljosa som er monterte framme på eller under støytfangaren er i mørket blendande for all møtande trafikk. I verste fall kan ljosa føra til alvorlege møteulukker eller påkøyrsler av fotgjengarar som ikkje vert sett når det er mørkt, forklara Rykkje.

Blendar all trafikk
Hausten frametter byr på stadig mørkare kveldar. Saman med regn gjer det at sikten etter vegane også vert dårlegare. Når asfalten i tillegg er svart, skal det lite til før ein vert blenda av møtande ljos. Det er difor viktig at du som bilfører tek dette problemet på alvor og syt for at dine ljos er rett innstilte og at du brukar ljosa dine på lovleg vis. Statens vegvesen har dei seinare åra opplevd at stadig fleire bruka grøfte/tåkeljos saman med nærljosa. Det er ikkje lovleg. Dersom møtande trafikk køyrer med alle ljosa tende samstundes, vil all møtande trafikk verta blenda og livsfarlege trafikksituasjonar kan oppstå.

– I verste fall kan sikten ut mot grøftekanten verta så dårleg at ein ikkje ser fotgjengarane som går der, seier Rykkje.

Ein svensk undersøking syner at du får siktstrekninga di redusert med 15 prosent om du møter ein bil med både nær – og grøfte/tåkeljos tende samstundes. Undersøkinga er frå 1994 og er utført av VTI (Väg- och trafikinstitutet).

På dagtid kan ljosa brukast som køyreljos, saman med parkeringsljosa. I mørket skal du køyra med nær – eller fjernljos. Grøfte/tåkeljosa er berre lovlege å bruka, saman med parkeringsljos, når det er tett skodda og når køyretilhøva med ekstremt dårlig sikt krev det.

Rykkje merka at mange bilistar ikkje er klar over tåkeljosfunksjonen, og at det er ein brytar for ljosa.

Tykkjer det er tøft
– Det er stort sett eldre sjåførane som ikkje kjenner til at dei køyrer med grøfte/tåkeljosa på. Når me gjer dei kjende med det, ber dei om orsaking og slår dei av.

Me opplever også at ungdommar tykkjer det er tøft å køyra med grøfte/ tåkeljosa på. Dei bruker å slå av ljosa så snart dei ser at me har kontroll.

Sjekk bilen din
Dag Rykkje oppmodar bilførarar om å gå ein runde rundt bilen for å sjekka at ljosa er slik dei skal vera no på hausten.

– Sjekk at alle ljosa lyser slik dei skal. Det er også lurt å sjekka om dei er rett innstilte. Det sjekkar du ved å køyra bilen inntil ein vegg og sjå at dei sterkaste områda på ljoset er jamhøge. Ein ser fort om dei er feilinnstilte. Er dei ikkje slik dei skal vera, kan du enkelt få justerte ljosa på ein bilverkstad.

Vil kontrollera
Det kan vera fornuftig å sjekka ljosa sine, om ikkje dei er i orden og du vert stogga kan det få konsekvensar. I verste fall kan du risikera å få køyreforbod frå staden du vert stogga på.

– Når det gjeld bruken av grøfte/tåkeljos er det klare reglar for det. På denne tida av året, med våt asfalt og mykje nedbør, er grøfte/tåkeljosa også frykteleg sjenerande for både møtande trafikk og for dei som får ljosa inn i speglane sine, seier Kjell Fester ved Voss lensmannskontor. Han legg til at politiet kjem til å auka kontrollaktiviteten av ljosbruk no framover hausten og i vinter.

– Har me kontrollar, vil bilføraren få eit forenkla førelegg på 2000 kroner for feil bruk av ljosa, seier Fester.

LES SAKA I AVISA HORDALAND!