Dei viktige vala

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.11.2023 15:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det fyrste verdiseminaret for ungdom tok opp vanskelege val og viktige verdiar. Seks ungdomar frå Vinje utfordra torsdag jamaldringar til å ta standpunkt i problemstillingar som stemmerett, homofili, seksuell lågalder, alkoholdebut og mange andre aktuelle tema.

– Mange av dei vala ein tek i ungdomstida påverkar resten av livet ditt, minna tiandeklassing André Kroken Dale om.

Bør aldersgrensa for stemmerett vera 16 år? Grip du inn dersom du ser nokon bli mobba? Er det alltid best å vere ærleg? Bør det bli enklare å ta abort? Er det greitt at ungdom under 18 drikk alkohol? Vil ein ven som står fram som homofil framleis vera ein like god ven? Skal ein respektere den seksuelle lågalderen? Ville du ofra noko for at nokon andre skulle fått det betre? Finst det konfliktar som berre kan løysast med vald?

Dette var nokre av dei vanskelege og viktige spørsmåla deltakarane på det fyrste verdiseminaret for ungdom i Vinje måtte ta stilling til. Alt frå starten blei ungdomane, lærarane og politikarane som deltok kasta inn i ei utfordring der dei måtte gå til anten ja- eller nei-sida av salen, etter kvart som dei fekk spørsmål av to av programleiarane, André Kroken Dale frå Åmot skule og Kristian Skolås frå Rauland skule.

Utfordra til å tenke
Og det var ikkje alltid lett å velja side. Det er som regel slik at ei sak har mange sider, og det å svara eit kategorisk «ja» eller «nei» er vanskeleg i mange tilfelle. Emilie Rui Nylend frå Edland var med i arrangementskomiteen, og ho syntest det var interessant å bli utfordra til å tenke over verdiar og val.

– Det er klart ein tenkjer når ein tek eit val, men no har me fått eit meir konkret forhold til det. Eg trur det blir lettare å tenkje og velja det som er rett etter ein slik dag. Me blir utfordra til å tenkje på kva som er viktig for oss, meiner ho.

Odd og Ingebjørg inspirerte
Det same oppmoda Odd Nordstoga og Ingebjørg Harman Bratland ungdomane til gjennom videointervju som blei vist på storskjerm. Dei framheva at det er viktig å vita kva som er viktig for ein sjølv, og at ein må tora å velja noko anna enn det «alle andre» gjer.

– Ein må tora å skilje seg ut – tora å vera litt annleis. Folkemusikken har gjort at eg har skilt meg ut blant alle dei andre syngejentene i landet, og det har gjort at eg har hatt ein fordel i musikkbransjen, sa Ingebjørg til dei unge sambygdingane sine.

Odd hadde noko av den same bodskapen, og fortalde om eit vanskeleg val han måtte ta då han fekk tilbod om platekontrakt som soloartist.

– Då måtte eg på eit vis velja mellom dei eg hadde spela saman med i mange år, og det å satse på berre meg sjølv. Det var eit vanskeleg val å ta, men eg måtte gjera det som var viktigast for meg, fortalde han om prosessen som førte til at han no er ein av dei mest suksessrike artistane i landet.

Politikarar på lag
Komiteen hadde henta inn Kjetil Tveit Hasselberg frå humorprogrammet «Kjetil og Kjartan show» til å leie den politiske verdidebatten, der ungdomane i komiteen hadde laga spørsmål til debattantane. Komikaren Hasselberg, som har vore i Vinje før med eit anti-mobbeprogram, har ei høg stjerne blant ungdomane, og det gjorde nok sitt til at 150 ungdomsskuleelevar sat relativt roleg under debatten, som varte i over ein time.

Mykje av æra for det hadde nok også dei tri debattantane som møtte: Stortingsrepresentant Torbjørn Røe Isaksen (H), kommunestyrereprestant i Vinje Ole Dalen (KrF) og det som då var avtroppande ordførar i Fyresdal, Bjørn Nome (Sp). Med mykje humor og ein open tone om vanskelege val og personlege verdiar, sette dei nok i gang mange tankar hos tenåringane. Dei unge engasjerte seg i debatten og tok opp tema dei sjølve var opptekne av.

– Langsiktig politisk arbeid
Prostidiakon Eilev Erikstein og einingsleiar ved Åmot skule, Anders Sandvik, har leia arbeidet med verdiseminaret saman med dei seks ungdomane i komiteen. Dei trekte fram at eit slikt vellykka seminar har fleire positive ringverknader.

– Tenk at så mange engasjerte seg i eit så «usexy» tema som verdiar kan høyrast ut til å vere. Ungdomane viste at dei bryr seg og tek standpunkt som dei står for, i eit positivt debattklima. Ein kan faktisk sjå dette som langsiktig politisk arbeid, sa ein glad Erikstein etter at dagen var omme.

Band mellom bygdene
Eit anna viktig poeng er å la elevane ved dei tri ungdomsskulane i kommunen møte kvarandre, bli kjende og knyte band. Det framheva både skulesjef Sandvik og ordførar Arne Vinje, som heldt opningstala. Han uttrykte at det var sterkt for ein ordførar å sjå alle desse ungdommane.

– De har ei kolossal kraft dersom de går saman om ting. De og resten av innbyggjarane er den største ressursen me har i kommunen. Eg er stolt av dykk, og eg ventar mykje av dykk. Eg vonar de representerar ei god framtid i bygdene her, sa ein tydeleg stolt ordførar.

LES SAKA I VEST-TELEMARK BLAD!

SKRIVEKONKURRANSE: Makt over eiga framtid. Skriv om det du brenn for! Premiar for til saman 7000 kroner!