Sjokka over tal på valdtekter

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oslo har nesten 8 overfallsvaldtekter per 100.000 innbyggjarar, noko som er monaleg høgare enn i Stockholm og København.

Ifølgje NRK syner ferske tal frå politidistrikta i dei to nabolanda at dei 48 overfallsvaldtektene i Oslo hittil i år sender byen til topps samanlikna med Stockholm og København, der det er registrert 128 og 33. Om ein ser på folketalet har Oslo 7,9 meldte valdtekter per 10.000 innbyggjarar, mens Stockholm og København har 6,4 og 2,7.

– Dette seier noko om kor brutalt og ille det er i Oslo. Politidekninga i Stockholm og København er betre, seier leiaren av justiskomiteen i Stortinget, Per Sandberg (Frp) til NRK.

Over ei tiårsperiode har talet på meldte valdtekter i Oslo auka med over 84 prosent. Berre dei siste tre åra har auken vore på over 20 prosent. I Stockholm og København går tala derimot noe ned.

– Vi må etablere bypoliti, også må politistudentane få jobb. Vi må også informere asylsøkjarar om norsk kultur og kvinnesyn, seier Sandberg.

Herdis R. Magerøy, dagleg leiar i DIXI Ressurssenter for valdtekne i Oslo, seier at ho er sjokkert over tala.

– Det er heilt utruleg at det er så mykje verre her enn i Stockholm og København. Det er heilt utruleg at styresmaktene ikkje handlar raskare enn det dei har gjort. For stadig fleire liv blir øydelagde og det er veldig alvorleg, seier Magerøy til NRK.

Visepolitimeister i Oslo, Hans Halvorsen, er samd i at meir synleg politi vil kunne virke førebyggjande på valdtekter i Oslo.

– Men i helga meiner vi sjølv vi var godt bemanna i Oslo sentrum. Likevel skjedde det to valdtekter, seier Halvorsen. (©NPK)

Kva meiner du bør gjerast for å førebyggja valdtekter i hovudstaden?