Færre drepne i trafikken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Noreg blir ofte samanlikna med Sverige i høve trafikktryggleik. Statistikken frå september i fjor til august i år viser ei betring for Noreg, men ikkje for Sverige.

I Noreg gjekk talet på drepne ned frå 4,2 per 100.000 innbyggjar til 3,6, medan talet auka frå 2,8 til 3,3 i Sverige.

– Når talet på drepne i trafikken beviseleg går ned , må det vere lov å glede seg over det, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) til Nationen.

–Tilfeldig
Geirr Tangstad-Holdal i « Nei til Frontkollisjonar» seier dei er glad for alle tiltak, men han trur statistikken snarare kjem av tilfeldige hendingar, enn vellukka prioriteringar frå regjeringa si side.

– Haldningskampanjar og meir politi krev årlege satsingar, medan midtrekkverk er permanente løysingar. Der leverer ikkje regjeringa, seier han.

Han viser til Nasjonal Transportplan for perioden 2010- 19, som dåverande samferdsleminister Liv Signe Navarsete la fram. Der står det « 750 kilometer riksveg blir utbetra med midtrekkverk og andre mindre trafikktryggleiksutbetringar».

Midtrekkverk
I planen blir det også peikt på behovet for 425 kilometer med midtrekkverk.

– Dei burde i alle fall ha klart å realisere 42,5 kilometer veg med midtrekkverk kvart år, seier Tangstad-Holdal til Nationen.

Men samferdsleministeren er klar på at politikken til regjeringa fungerer.

– Me byggjer heile tida betre og tryggare vegar. Me har tiltak overfor førarane, med fart, rus og belte, understrekar Kleppa. (©NPK)

Kva meiner du skal til for å førebyggja fleire dødsulukker i trafikken?