Sov i kø for ny Bibel

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Det var kø framfor inngangen til ein av Oslos kristne bokhandlarar då den nye Bibelen endeleg var tilgjengeleg for lesarane klokka 8 onsdag. Dei mest ivrige hadde lege i kø heile natta.

Teologistudent Anders Hove frå Vik i Sogn og Fjordane, for høvet utkledd som Moses, hadde møtt fram klokka 1 for å sikre seg ein av dei første biblane.

– Vi har vore her i heile natt, seier han til NTB. Glad for endeleg å ha den nye utgåva mellom hendene.

– Denne skal eg ta fram, og lese i, når eg har litt meir ro rundt meg, seier han. Arbeidet med den nye bibelomsetjinga starta for 11 år sidan.

 Både teologar og forfattarar har delteke i prosjektet. Resultatet er ei ny omsetjing på bokmål og på nynorsk. Ifølgje prosjektleiar for lanseringa, Dag Smemo, er omsetjinga i den nye Bibelen endå nærmare grunnteksten. Dette kjem blant anna av at det sidan sist er gjort nye funn, blant anna av Dødehavsrullane.

– Den nye Bibelen er i eit frisk og godt språk og omsetjinga er solid og skikkeleg og held kontakten med grunntekstene, seier han.

Blant forfattarane som har bidrege til den nye omsetjinga er Karl Ove Knausgård og Håvard Rem. NPK