No er vi sju milliardar på jorda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Milepælen blir passert mot slutten av månaden, ifølgje FN, som har peikt ut 31. oktober som sjølve sjumilliardarsdagen.

For heilt nøyaktig er det ingen som veit kor mange vi er på kloden, heller ikkje akkurat når talgrensa blir passert. Det som er sikkert, er at folketalet i verda no aukar fortare enn nokon gong før.

Størst er folkeveksten i Afrika sør for Sahara og i Asia.

I Noreg passerer vi venteleg fem millionar menneske i 2012, etter prognosane til Statistisk sentralbyrå. Den neste millionen skal vere nådd i 2028, om overslaga til statistikk-kontoret held.