Unge menn og rus gjer trafikken farleg.

mm
Faktaboks

For å kunne køyra ein bil eller buss med alkolås, så må du blåsa inn eit apparat som måler om det alkohol i pusten din. Blir det registrert alkohol, så startar ikkje køyretøyet.
Les meir på Wikipedia! (svensk)

Fartssperre gjer at bilen ikkje vil køyra fortare enn ein gjeve fart.

LES FAKTALUKK FAKTA

Menn under 25 år er dei farlegaste bilførarane – både for seg sjølv og for andre. Dei er innblanda i kvar femte dødsulukke, sjølv om dei berre utgjer ein av 25 bilførarar. Frå mai i år vil unge sjåførar som bryt trafikkreglane få doble prikkar, noko som skal gjera at dei mistar lappen etter andre gong dei køyrer for fort.

Fleire ekspertar tek no til orde for tøffare tiltak. Alkolås, ådferdsregistrator, bilbeltesperre, fartssperre og innskrenkingar på bilkøyring i helgene og for eksempel at unge sjåførar under 24 år ikkje får lov til å køyre med passasjerar.

– Må ta upopulære avgjersler
− Politikarane må ta upopulære avgjersler. Det er ikkje noko verre at unge menn mellom 18 og 24 år får fartssperre enn at ei yrkesgruppe har det i bilane sine, seier Guttorm Tysnes, regionsjef i Norges Lastebileier-Forbund til NRK Brennpunkt, som blei vist på tv tysdag kveld. Tore Vaaje, trafikkforskar ved Gjensidige NOR, tok også til orde for upopulære tiltak for å avgrensa fridomen til dei statistisk farlegaste bilførarane.

LES OGSÅ: Femtilappar kan redda liv

Så langt i år er 31 ungdommar drepne i trafikken, 20 færre enn for heile 2010, ifølgje Jentenes.no – ein aksjon for å få jenter til å seia i frå om uvettig køyring. Nedgangen i trafikkdrepne er likevel størst blant dei over 25 år. For første gong på over 30 år kan Noreg få færre enn 200 trafikkdrepne i år.

– På tide med alkolås
Over ein tredjedel av alle dødsulukker skuldast køyring i rusa tilstand, uansett alder.

Tysdag ettermiddag var det høyring i Transport- og kommunikasjonskomiteen på Stortinget. Der tok MA – rusfri trafikk og livsstil og MA Ungdom til orde for innføring av alkolås blant anna for skuleskyss, og opnar også for strengare reglar for ungdom.

LES OGSÅ: – Menn bør ikkje få lappen før dei er 23

– Ungdom er overrepresenterte tala på dødsulukker og alvorlege ulukker. Det kan vera nødvendig med upopulære ordningar som alkolås for ungdomar, sa Catharina Frostad, dagleg leiar ved MA Ungdom.

Ho tok også til orde for haldningsskapande arbeid, og etterlyste midlar til det frivillige trafikktryggleiksarbeidet.

Kva meiner du må til for å få ned tal på dødsulukker i trafikken? Er det på tide med alkolås, fartssperre og køyreforbod om nettene for unge bilførarar? Del meiningane dine i kommentarfeltet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.32

LES OGSÅ

ANNONSE