Direkte frå Mount Everest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det høgst plasserte nettkameraet nokosinne , er plassert i fjellrekkja Himalaya i Nepal, på fjelltoppen Kala Patthar. Kameraet sender direktebilete frå nabotoppen Mount Everest, som ruver 8.848 meter i den høge fjellkjeda. Det spesialkonstruerte kameraet ligg på 5.675 meter, og gir utsikt over den vestlege fjellsida – inklusive dei nordlege og synlege fjellskråningane og ruta West Rigde.

Prosjektet kameraet er ein del av, er sponsa av den nepalske regjeringa og er eit miljøorientert forskingsprosjekt som følgjer klimaendringar trådlaust. «Everest 2011» går ut på å avgjere eksakt høgd på fjelltoppen og resultatet er venta på å bli klart om to år. Videooverføringa kan ein nytte som ein del av dette ved å lære meir om klimaendringar og global oppvarming.

SJÅ BILETE FRÅ KAMERAET HER!

Trass i at temperaturen kan nå så lågt som minus 30 grader, er kameraet i stand til å overføre detaljerte bilete. Kameraet er drive av eit eige solcellepanel og overføringa blir oppdatert kvart femte minutt. (©NPK)