Denne plakaten fornærmar Iran

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) står bak plakaten som viser studentar med bøker, og seks kjente diktatorar som flyktar i redsle: Adolf Hitler, Muammar al-Gadafi, Robert Mugabe, Kim Jong-il, Josef Stalin – og ayatolla Khomeini.

– Uheldigvis er det slik at plakaten inneheld ved sida av diktatorar som Hitler, eit bilde av vår store, avdøde leiar Iman Khomeini. De har fornærma kjenslene til ein stor nasjon, heiter det i brevet frå pressesjefen ved den iranske ambassaden til SAIH.Det er Aftenposten som omtalar saka i dag.

– Ambassaden ber oss fjerna bildet, og det illustrerer problemet. Me representerer ytringsfridomen til studentane. Derimot er det tydeleg at ambassaden ikkje respekterer ytringsfridomen vår når dei ber oss om å fjerna bildet, seier Anette Remme, leiar for SAIH, til avisa.

Kva synst du om plakaten?