Verdas beste kokk

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det vart gull til kokk Øyvind Bøe Dalelv frå Bodø, som jobbar i Oslo. Bronse gjekk til billakkerar Fredrik Røed Meek frå Slemmestad i Røyken og til elektrikar Bernt Erlend Fridell frå Vik i Sokn og som no bur i Trondheim.

– Gullet betyr enormt mykje for meg, seier kokkevinnar Øyvind Bøe Dalelv.

– Dette er det beste resultatet Noreg har fått nokon gong, seier ein stolt sekretariatsleiar for WorldSkills Norway, Elisabeth Longe.

– Eg er stolt på Noregs vegne, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Sjå resultatlista!

WorldSkills har pågått i London 5.-9. oktober, og det har vore nokre intense konkurransedagar for dei 21 norske deltakarane.

Resultata inspirerer
Det norske yrkeslandslaget viser seg å hevda seg i verdstoppen. Denne gongen har det vore rekordmange land med i WorldSkills, det har vore meir enn 950 deltakarar frå heile 51 land. Når poenga frå alle land er rekna saman, kjem Noreg på ein 16. plass av dei 51 landa.

– Eg gratulerer Øyvind Bøe Dalelv, Fredrik Røed Meek og Bernt Erlend Fridell med fantastisk innsats, og er stolt på deira og Noregs vegne, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen etter at ho har fått vita resultatet.

– Dei norske resultata er til stor inspirasjon for alle som vil ta fagbrev og aukar status og prestisje for fagarbeid. Vi treng mange fleire som tek fagbrev i framtida. Når dei norske deltakarane viser at vi er i verdstoppen på fleire område, og samla òg har svært gode resultat, aukar stoltheita for praktisk arbeid, seier kunnskapsminister Kristin Halvorsen til worldskills.no.

Noreg best i Norden
– Ser ein på Europa, kjem Noreg på ein sterk sjuandeplass blant 19 land, seier Elisabeth Longe.

– Vi har gjort det knallbra. Og så er vi beste land på yrkesfag i Norden. Tenk at vi òg er betre enn Finland som vi har sett på som eit land vi har mykje å lære av. Dette er veldig artig. Eg blir rørt eg, og må nesten gråte ein skvett, seier Longe. Ho er svært glad og svært stolt av det året yrkeslandslag har fått til.

I World Skills er det òg slik at kvar enkelt deltakar på ein måte konkurrerer mot seg sjølv. Dersom den einskilde deltakaren i poengsammenregningen får meir enn 500 poeng, får dei den såkalla ”Medal of Exellence”. Dette er ei utmerking for spesiell flott kvalitetsmessig utført arbeid. Deltakarane for heile sju av dei 18 faga Noreg deltok i har fått denne.