Front­systrene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det uttalar ei eldre kvinne i den nye dokumentarfilmen Sju kammers, som handlar om seks norske kvinner. Dei er mellom dei 450 norske sjukesystrene som melde seg for å pleia såra soldatar ved tyske lasarett på Austfronten.

– Dei seks kvinnene er alle i nittiåra. Det var heilt på tampen at denne filmen vart laga. Hadde me gjort det no, hadde det vore for seint. Tre av kvinnene som er med i filmen, er borte for godt, fortel Hilde K. Kjøs og Karoline Grindaker, som står bak filmen.

Der vekslar dei mellom gamle arkivopptak og intervju med dei seks norske kvinnene. Filmen hadde premiere på filmfestivalen i Haugesund og er sidan vist på den nordiske dokumentarfilmfestivalen i Århus og på Cinemateket i Oslo. I morgon kan alle sjå han i «Fakta på laurdag» på NRK.

Debut-suksess
Dei to som står bak filmen, har utdanning frå England; Hilde som stillfotograf, Karoline i film. Dei har laga sitt eige vesle filmselskap, Mica Film, og for fem år sidan kom den første dokumentarfilmen, Lykkens grøde.

Den gongen hadde dei ein plan om å laga ein film om ei bygd, men det enda med ein film om forholdet mellom ei svigermor og ei svigerdotter. I filmen gjekk dei så nært innpå hovudpersonane at somme meinte at det var i meste laget.

– Me fekk eit tillitsforhold til dei som er med i filmen, og me har eit godt tilhøve til dei framleis. Mange kjende seg att i desse personane, fortel filmskaparane.

Lykkens grøde nådde ut til eit stort publikum. NRK viste han fleire gonger, og til saman vart han sedd av éin million menneske. I tillegg er han vist på filmfestivalar over store delar av verda, mellom anna i Sør-Korea, USA og i Spania.

Han har fått fleire prisar og vart nominert både til Amanda og Gullruten.

Sterk fordøming
Dei seinaste åra har Kjøs og Grind­aker arbeidd med ein film som tek for seg lagnaden til norske sjukesystrer på Austfronten.

– I mange år var eg reiseleiar i Auschwitz. Ein gong møtte eg ein journalist som fortalde meg historia deira. Etter kvart innsåg eg at folk lærde lite om offeret ved å leggja ned blomar på stadene der folk miste livet. For seks år sidan byrja me å undersøkja meir om desse sjukepleiarane, fortel Karoline Grindaker.

Frå før finst det i det minste to bøker om temaet: Egil Ulateigs Fordømte engler og Sigurd Senjes Dømte kvinner.

– I dag er mange av sjukesystrene døde. Somme orka ikkje fortelja, medan andre ville fortelja kva krigen og opplevingane gjorde med dei. Nokre kjende ansvar for døde sjukepleiarar, og somme innsåg at dei ikkje hadde så mykje å missa lenger. Dei norske sjukesystrene reiste ikkje austover av vondskap, men for å hjelpa folk som var skadde i krigen. Likevel har fleire opplevd sterk fordøming i ettertid.

– Sjukesystrene har i ulik grad vore plaga av det som hende, og fleire har freista å fortrengja krigsopplevingane. Då sjukesystrene vende heim til Noreg, vart dei arresterte og fengsla. Éi av kvinnene fortel at ho fekk oppnemnd forsvarar, men at han ikkje sa eitt einaste ord under rettssaka. Éi vart dømd til tre år i fengsel. Ingen av dei seks kvinnene angrar på det som dei var med på. Dei meiner at dei gjorde ei god gjerning – og berga liv, men det er ikkje lett å få folk til å skjøna det. Mange knytte sjuke­systrene nært opptil nazistane, og kvinnene vart nøydde til å bera det med seg resten av livet.

Ville hjelpa
Filmskaparane slår fast at dei ikkje har som mål å koma med den store politiske forteljinga, men å visa ei personleg historie.

– Var sjukesystrene landssvikarar?

– Nei, slettes ikkje. Dei bar ikkje våpen, og dei arbeidde i saniteten. Dei hadde ein sterk draum om å hjelpa folk som var skadde. Dessutan var dei unge, og slett ikkje alle hadde greie på kva som skjedde internasjonalt.

Mange av dei norske kvinnene levde eit hardt liv.

– Somme var utan skikkeleg mat, og i lange periodar levde dei på brenneslesuppe. Ei av kvinnene gjekk på eigne bein heile vegen frå Wien til Danmark.

QUIZ: Kva veit du om tidlegare krigar?

– Var det rett å døma sjukepleiarane til lange fengselsstraffar?

– Nei, men mellom nordmenn fanst det eit stort hat etter krigen. Sjukesystrene fekk ikkje sjansen til å fortelja si historie, og valet som dei gjorde som ten­åringar, måtte dei leva med resten av livet. I sytti år ulma det under overflata, og somme av kvinnene har framleis vanskar med å snakka om det som hende.

Trilogi
Filmskaparane omtalar Sju kammers som den første filmen i ein trilogi. Dei har undervegs fått støtte både frå Fritt Ord, Kulturrådet, NFI og NRK, men du vert ikkje feit av å laga dokumentarfilm her i landet.

– Men me har valt det sjølv – og me har lært å leva på lite. Men overraskande nok – hin dagen var det tomt på kortet. Ikkje dekning, stod det, seier Hilde K. Kjøs med eit skeivt smil – utan å forklara korleis dokumentarfilmskaparane skal overleva til nye prosjekt er finansierte.

LES SAKA I DAG OG TID!