Kuttar i bruken av oljepengar
Følg med direkte på framlegginga av statsbudsjettet her!
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa vil neste år bruke 2,4 milliardar kroner mindre enn det handlingsregelen tilseier.
Regjeringa har ei ramme på statsbudsjettet for 2012 på 1.006 milliardar kroner, og legg opp til å bruke 2,4 milliardar oljekroner mindre enn det handlingsregelen tilseier neste år. Det oljekorrigerte underskotet er på 120,2 milliardar kroner.
LES OGSÅ: 14 millionar ekstra til nynorsktiltak
Budsjettforslaget er lagt opp med ei forventning om normal vekst i fastlandsøkonomien og ei arbeidsløyse på dagens nivå.
Får ein tøff jobb
Lokalpolitikarane får ein tøff jobb framfor seg når dei skal finna pengar til nok lærarar, sjukepleiarar og andre tenesteytarar. Trass i ein vekst i dei frie inntektene på 3,75 milliardar kroner, vil dette ikkje vera nok til å vidareføra dagens velferdsnivå. Ifølgje KS vil det vera trong for 800 millionar kroner meir.
Statsbudsjettet legg opp til at det private forbruket vil auka med 44 milliardar. Dette er ein auke på 4 prosent. Det offentlege får 1,5 prosent meir. Dette er mindre enn prisstiginga som er rekna til 1,6 prosent i 2012.